Hopp til innhold

Sju av 10 vossingar seier ja

Voss seier klart ja til ein storkommune med naboane. Ordføraren trur valet sit lengre inne for naboane.

Dinglo framføre Vossevangen

VIL GJERNE BLI STØRRE: Vossingane har ingenting i mot å gjere Vossevangen til senter for ein ny storkommune.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

I ei innbyggjarundersøking offentleggjort klokka 20 måndag kveld, seier 70 prosent av dei spurde at dei ønskjer ei samanslåing med ein eller fleire av kommunane Aurland, Vik og Granvin.

Berre 22 prosent seier nei

Hans Erik Ringkjøb

SPENT: Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb følgjer valoppteljinga i nabokommunane måndag kveld.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Resultatet er som venta. Det er veldig likt det vi politikarar har tenkt. Her er ein i eit modus der ein ønskjer naboane velkomne viss dei ønskjer det. Avgjersla må ligge hos dei, seier ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap).

Mens naboane måndag har halde folkerøystingar, nøydde vossingane seg med ei innbyggjarundersøking der 1000 av dei drygt 14.000 innbyggjarane er spurde.

– Dette er ei større sak for våre naboar, enn for vossingane, trur ordføraren i det som eventuelt vil bli kommunesenteret for ein ny storkommune på tvers av dagens fylkesgrense.

22 prosent av dei spurde ønskjer å halde fram som dagens Voss kommune, åtte prosent har svara «veit ikkje».

Førehands-nei i Aurland – ja i Vik

Ringkjøb er spent på kva naboane i Sogn kjem fram til. I Aurland har spørsmålet om kommunesamanslåing vekt sterkt engasjement, og nær 15 prosent av dei røysteføre hadde førehandsrøysta før vallokala opna måndag. 80,9 prosent av desse seier nei til samanslåing og ønskjer å bli ståande åleine.

I Vik hadde seks prosent førehandsrøysta. Her er vossingane langt meir populære. 60 prosent ønskjer samanslåing med Voss, 38 prosent ynskjer å stå åleine, mens to prosent har røysta for storkommune med Balestrand, Leikanger og Sogndal.

– Det blir spennande å sjå kva innbyggjarane meiner. Forventningar er eg litt forsiktig med. Det er ein heilt anna dynamikk i våre nabokommunar rundt dette spørsmålet, enn kva det har vore her, seier vossaordføraren.

Voss storkommune

OVER FYLKESGRENSA? Slik kan ein ny storkommune med bli sjåande ut.

Trur det sit langt inne å byte fylke

– Vi er avventande, så får vi sjå kva det bringar med seg i løpet av kvelden. Det er mange ting her som er uavklart, uansett påpeiker, seier Ringkjøb.

Han trur det sit langt inne for mange i nabokommunane, både å ta stilling til kommunesamanslåing, og eventuelt byte av fylke.

– Det sit lengre inne detet med fylke, og ikkje minst slik som for Vik med veg. Det er ein del praktiske ting er krevjande.

For vossingane sin del mangla eitt alternativ mange gjerne hadde sett var med i undersøkinga: Vaksdal kommune. Naboen i vest har ikkje vist interesse for Voss, og har skrive intensjonsavtale med Bergen og Osterøy.

– Dette er noko dei har valt. Bergen er motoren i regionen, det er litt slik for Voss sin del også. Men vi hadde vore like imøtekommande med Vaksdal som med andre kommunar, seier Ringkjøb.