Hopp til innhold

Sju av 10 vil til Førde

Eit folkemøte i Førdefjorden Vel måndag kveld tyder på at Askvoll sprekk som kommune. Det skriv Firda. Alle dei 36 frammøtte røysta for at grendene langs Førdefjorden søkjer seg til Førde, dersom alternativet er ein storkommune saman med Fjaler. Vel Askvoll å stå åleine røysta 70 prosent for at Førdefjorden skal gå til Førde. Samstundes ynskjer Askvoll på nytt å forhandle med Hyllestad og Fjaler om ein storkommune. Kravet er at Askvoll blir kommunesenter.