NRK Meny
Normal

Sjømat-bonanza midt i oljekrisa

MÅLØY (NRK): Medan næringslivet på Vestlandet kneler av oljekrisa, slår dei gamle fiskerisamfunna seg opp. Det er bonanza i sjømat-næringa.

Vestlandet sin fiskerihovedstad Måløy, jubler over bonanza i sjømatnæringen.
Mens Vestlandet strever med oljenedturen, opplever de tradisjonelle fiskerisamfunnene historisk gode tider.

Medan oljenæringa på Vestlandet ligg nærmast med broten rygg, går det så det susar i sjømat-næringa. Både fiskarar og eksportørar fortel om rekordprisar og solid inntening.

Geir Henning Seljeseth

KRIBLAR: Geir Henning Seljeseth har brukt året på å byggje ny fiskebåt. No kriblar han etter å kome i gong med fiske.

Foto: Steinar Lote / NRK

På Raudeberg ligg fiskebåten MS Fanøyvåg frå Batalden. Den er så ny at den enno ikkje er teken i bruk. Reiar Geir Henning Seljeseth kriblar i fingrane etter å kome på fiske.

– Absolutt! Særskild no som det har vore godt ver.

Olje-press

Det ventar historisk god betaling om bord i båten som gir arbeidsplass til 16 menneske.

Oljenedturen svekkjer krona, og sender prisen på fisk til vers. Då Seljeseth bestemte seg for å byggje ny båt låg torskeprisen på om lag 12 kroner kiloen. No er prisen om lag det dobbelte.

– Det er positivt at det er eit oppsving i fiskerinæringa. Oljenæringa har pressa oss andre både når det gjeld folk og utgifter, seier Geir Henning Seljeseth.

Offshore i opplag

Lenger inne i Nordfjorden ligg arbeidsplassane til 100 sjøfolk i opplag. Der ligg nemleg tre av Siem Offshore sine supplybåtar til kai. Vanlegvis skulle dei gått i skytteltrafikk i Nordsjøen.

Tre supplyskip til kai

OPPLAG: Om lag 100 sjøfolk skulle hatt arbeidsplassane sine om bord i desse båtane frå Siem Offshore. No ligg dei til kai ved Bryggja i Vågsøy.

Foto: Steinar Lote / NRK

Historisk laksepris

Men tilbake i Måløy er kvardagen hektisk. I dei moderne lokala til Coast Seafood blir det eksportert laks og aure for om lag tre milliardar kroner i året.

– Vi har vore gjennom to fantastiske år, med den høgaste snittprisen nokosinne, seier administrerande direktør Sverre Søraa.

– Vi sel fisk for over 60 kroner kiloen. Vi har også kjøpt fisk for over 70 kroner kiloen. I mine 26 år i bransjen, har eg aldri vore med på det.

Sverre Søraa

HISTORISK: Sverre Søraa i Coast Seafodd har på sine 26 år i bransjen aldri opplevd lakseprisar som no.

Foto: Steinar Lote / NRK

Årevis med investeringar i sjømat viser igjen langs kaiene. No er optimismen stor. Frå kaia i Måløy skuar reiar Kåre Furnes ut over eit rikt næringsliv som har investert for millionar dei siste åra. Optimismen i næringa har vore etterlengta.

Håp og draumar

Kåre Furnes

PÅ TIDE: Reiar Kåre Furnes har håpt og drøymt om ein opptur for fiskerinæringa. No skjer det.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det var på tide. Vi har venta på det, og vi har håpa på det. Og vi har drøymt om at det måtte kome.

Han er styreleiar og reiar i Atlantic Seafish, og har vore i næringa i mange år. Sjølv om han gler seg over dette oppsvinget, trur han ikkje det vil vere eit tre som veks inn i himmelen.

– Vi kan jo håpe at det vil vekse ganske nær, men ikkje inn i himmelen. Eg trur vi vil få nedgangstider igjen. Men ikkje så brutale som vi har vore gjennom.

Mange av dei historiske fiskerisamfunna gjekk glipp av oljeeventyret. Måløy var ein av dei.

Lot seg ikkje freiste

– Vi vart ikkje med på olje-oppturen. Difor blir vi heller ikkje med på nedturen. Akkurat no kan vi vere temmeleg glad for at vi heldt fram med det vi kunne, nemleg fiskeri og maritime næringar.

MS Fanøyvåg

FRAMTIDA: Den splitter nye MS Fanøyvåg er heimehøyrande på Batalden utanfor Florø. No er den straks klar for sitt fyrste tokt.

Foto: Steinar Lote / NRK

Den unge reiaren om bord i MS Fanøyvåg deler nokre av desse tankane. Geir Henning Seljeseth representerer ein ny generasjon som lett kunne latt seg freiste inn i oljenæringa. Men det var uaktuelt for han.

– Nei, det trur eg hadde blitt for kjedeleg for meg. Det er litt meir spennande å leite etter fisken, og så få det til.

– Fiskerinæringa har vorten gløymd eller sett ned på. Vi har ikkje vore verdt like mykje som oljenæringa sidan vi har færre arbeidsplassar. Men er det heldigvis begynt å endre seg.

Båten blir utrusta no. Det står berre att litt småplukk før den kan legge ut på sitt fyrste tokt.

– Kaffibaren er ikkje heilt på plass enno, smiler Seljeseth.

Geir Henning Seljeseth

DEN NYE OLJEN: Geir Henning Seljeseth lét seg ikkje lokke inn i oljebransjen. I staden har han bygd splitter ny fiskebåt, og gler seg til å leggje ut på tokt.

Foto: Steinar Lote / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå