Hopp til innhold

Sjølvtilliten på topp i Sogndal

Etter 4-3-triumfen mot Molde sist helg er dei klare til å jakte sin niande kamp utan tap denne sesongen. Men Sogndal-trenar Eirik Bakke trur møtet med Vålerenga vert tøft.

Sogndal-jubel mot Molde

JUBELSCENER: Lars Christian Kjemhus (t.v.) var ein av fleire Sogndal-spelarar som kunne juble over scoring på Fosshaugane sist kamp.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Vi går for siger, men sjølv om Vålerenga har færre poeng enn oss, så veit vi at vi møter eit godt lag, seier Eirik Bakke.

Bakke sine menn er på plass i hovudstaden. Fredag møter dei Vålerenga til kamp på Ullevaal.

Laster innhold, vennligst vent..

Jaktar niande kamp utan tap

Eirik Bakke meiner laget er der dei bør vere.

HAR TRUA: Sogndal-trenaren håpar laget er svolten på ny siger når dei fredag møter Vålerenga.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Førre heimekamp vart eit målrikt oppgjer mot Molde, og Sogndal kunne sikre sin åttande kamp utan tap.

– Vi er inne i ein god periode, og forventningane er at vi held fram med det. Eg håpar det er ein svolten gjeng som gir alt mot Vålerenga i morgon. Det er eit lag det har vore ein del støy rundt den siste tida, så det vert spennande å sjå korleis vi taklar det, seier Bakke.

Nyleg blei det nemleg klart at Kjetil Rekdal si tid som trenar for Oslo-klubben er over, og at den nye trenaren vert Ronny Deila.

Rekdal skal over i ei rolle som sportsleg leiar for klubben. Den noverande trenaren har sagt til NRK at han skal leie laget ut sesongen.

Håpar spelarane gir alt

Vålerenga ligg på nedrykksplass i eliteserien, med berre 11 poeng på 15 kampar. Sogndal på si side ligg på niandeplass med 21 poeng.

– Gjer vi opp mot vårt beste i morgon, så er vi betre enn dei. Det vert viktig at vi gjer jobben defensivt, så har vi gode sjansar for eit godt resultat. Mange av spelarane spelar på Ulleval for første gong, så eg håpar å sjå eit lag som gir mykje og blør for drakta, seier Bakke.

Ingen «walk in the park»

Lars Christian Kjemhus scora to mål mot Molde sist kamp. Bergensaren håpar på fleire nettkjenningar framover.

– Eg ønskjer å score fleire mål. Det smakte utruleg godt, men om dei kjem i morgon kan eg ikkje love, seier Kjemhus.

Han legg ikkje skjul på at sjølvtilliten til laget er på topp.

– Vi har tru på at det vi held på med fungerer. Ting er som det skal vere.

Likevel trur han det vert ein tøff bortekamp i Oslo.

– Vålerenga er eit betre lag enn det tabellen viser. Vi tenkjer ikkje at sjølv om dei ligg under oss så vert det ein «walk in the park».

– Dei har eit godt lag, og spesielt gode på heimekampar, så det vert tøft. Men kjem vi opp på det nivået vi veit vi kan, så tek vi dei. Vi går for siger, seier bergensaren.

Laster innhold, vennligst vent..