Hopp til innhold

Sjølvmål avgjorde i Høyanger

Kaupanger henta heim tre viktige poeng i borteoppgjeret mot Høyang.

Sigeren var Kaupanger sin første sidan dei slo Florø 3-0 i juni.

- Endeleg fekk vi løn for strevet, jublar trenar Kjetil Sønnesyn.

RESULTAT 18. SERIERUNDE

Høyang - Kaupanger 1-2 (1-0)

Sletta stadion

Kampen er i gang.

1-0 15 min. Eirik Fimreite. Innlegg frå Thomas Frichsen som ein upressa Fimreite frå sende i mål frå åtte-ni meter.

Det er pause i Høyanger. Dramatikk på slutten då Marius Bøe vart skadd i ei takling. Måtte ut med sår i låret etter ublidt møte med knottar. Espen Sørebø inn.

Kampen er i gang att.

1-1 70 min. Ørjan Hjellhaug. Driblar av ein forsvarar og scorar frå åtte-ti meter.

1-2 89 min. Sjølvmål. Ein høyangerspelar set ballen i eige mål etter ein corner. Heimelaget køyrer legg med ein gang om til 3-4-3 og køyrer midtstoppar Edin Agovic på topp saman med brørne Thomas og Robin Frichsen.

Kampen er slutt.