Det seier Steinar Bjørnes, som er rådgjevar i Luftfartstilsynet.
Han seier dette var eit fly som var bygd for stor fart og akrobatflyging, men sidan dette var det einaste flyet av denne typen i Norge, kan ikkje Luftfartstilsynet i dag seie noko om kor sikker denne flytypen er.
Falco-flyet som havarerte ved Sandane. Foto Jan Nik Hansen
11 års byggetid
Det var den 50 år gamle flygaren av ulukkesflyet som sjølv hadde bygd flyet. Til magasinet Falco Builders Letter sa han i 1992 at han hadde vore fasinert av fly heilt sidan gutedagane, og då han i 1979 kom over ein annonse for Falco bestemte han seg for å bygge eitt sjølv. 9000 timar eller 11 år tok det å realisere draumen. I og med at det var det einaste flyet av sitt slag her i landet kan Luftfartsverket i dag ikkje seie noko om kor sikker denne flytypen er.