Hopp til innhold

Sjølv styreleiaren måtte forsikre seg om at brua var trygg

SOGNEFJELLET (NRK): Tenk deg å gå over ei 52 meter lang bru som berre er 2 centimeter tjukk. Det kan du faktisk gjere no ...

Utkikkspunkt Sognefjellet

OPNA: Den to centimeter tjukke og kring 50 meter lange brua over Fantesteinsvatn er utforma av Landskapsarkitekturfirmaet Dronninga Landskap. Det er etablert kring 50 slike bruer i heile verda.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ivar Kvalen ved Utkikkspunkt Sognefjellet

NØGD: Styreleiar i Norges nasjonalparkar var ein nøgd mann etter opninga av den første av fire pilotpakkar.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Og ein av dei første til å teste det nye utkikspunktet ved Sognefjellshytta, var styreleiar i Norges nasjonalparkar og Luster-ordførar, Ivar Kvalen.

– Eg snakka med konstruktøren som forsikra meg at brua toler mange som meg utpå her, humrar han.

Spektakulær bru

Utkikkspunkt Sognefjellet

BRUA: Brua er ei hengebru av stål, innfesta og oppspent i fjellet under landkar. Det vil seie utan berande søyler. Den er bygd i cortenstål, som rustar i mindre grad enn anna stål.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Utkikkspunktet i Jotunheimen er eit nasjonalt pilotprosjekt som skal gjere nasjonalparkane meir tilgjengelege for alle. Ved Sognefjellshytta skal turistane kunne ta ein stopp, strekkje på beina og gå ein kilometer lang rundtur og få inntrykk av nasjonalparken.

Og brua skal tole tre tonn nyttelast per kvadratmeter.

– Brua er ei spektakulær oppleving i seg sjølv, med sine vel 50 meter lengde og to centimeter tjukne, seier Kvalen.

SJÅ TV-SAK: I dag opna Norges nasjonalparkar det første av fire prosjekt i Noreg som skal gi turistane nærkontakt med nasjonalparkane. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Ari Isaacman-Beck, opphavleg frå Minneapolis i USA, er ein av mange turistar som testa ut turen med utsikt til Smørstabbtindane, Hurrungane og Fannaråki.

– Det er veldig bra at det er så lett tilgjengeleg, seier han.

Eitt av fire prosjekt

Atle Hamar opnar Utkikkspunkt Sognefjellet

OPNA: Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar, stod for den offisielle opninga av Utkikkspunkt Sognefjellet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ein universelt forma ut gangveg fører turistane tett på nasjonalparken. Dette er eit av fire prosjekt som skal gjere nasjonalparkane meir tilgjengelege. Dei andre er Rondane, Hallingskarvet og Varangerhalvøya.

Sognefjellsvegen er ein av dei viktigaste innfallsportane både til Breheimen og Jotunheimen nasjonalpark.

No kan turistane gå nærast rett ut i vill natur – 1.400 meter over havet.

– Dette er både for at folk, som elles ikkje ville gjort det, skal få seg ein liten runde i naturen. Det er også for at folk kanskje skal få lyst til å komme tilbake og ta ein todagarstur i nasjonalparken, seier Kvalen.

Stadig meir populært

Det er ikkje usannsynleg, for det å gå i fjellheimen blir stadig meir populært til nærast alle årstider. DNT-hyttene hadde berre i juli over 65.000 overnattingar .

Fleire av hyttene sette besøksrekord, og mellom hyttene som auka mest var nettopp Fannaråkhytta og Skogadalsbøen, som ligg ein dagstur unna.

– Vi merkar at fjella våre, breane og urørt natur er meir populært. Folk vel å komme til Noreg for å oppleve det, og nordmenn er blitt mykje meir opptekne av å gå i natur, oppleve stilla og urørt natur, seier Kvalen.

99 prosent er urørt

Luster kommune er ein av kommunane som opplever pressområde når det gjeld turisme. Kvalen seier det å legge til rette for gode opplevingar i urørt natur er blant dei viktigaste oppgåvene til nasjonalparkstyret og kommunane.

– Naturen kan ikkje bli for tilgjengeleg?

– Nokre stader kan ein kanskje seie det, men vår strategi har vore å plukke ut nokre punkt der ein legger til rette og informerer godt. Samstundes er kanskje 99 prosent av naturen vår urørt, og det skal den framleis vere.