Hopp til innhold

Sjokktala som forklarar ferjetrøbbelet på E39

Talet kanselleringar på Lote-Anda gjekk rett til vers då Fjord1 tok vekk "superferja" MF Lote. Fjord1 vedgår at dagens ferje er dårlegare.

Bilferja MF Årdal

MF ÅRDAL: Denne bilferja trafikkerer sambandet i dag, men slit til tider.

Foto: Øystein Torheim

NRK har tal frå Statens vegvesen som i klartekst syner problema. Det viktige E39 – sambandet har dei siste åra hatt ein kraftig auke i kanselleringar. Men statistikken dokumenterer at Fjord1 kan ha seg sjølv å takke. Det siste døgeret har ferja stått igjen.

Medan det i 2012 var berre 10 kanselleringar, har talet mangedobla seg dei seinare åra. Dette fell saman med at Fjord1 byta ut den svært godt utrusta bilferja MF Lote.

Enda ein gong har E39-sambandet over Nordfjorden vore stengd på grunn av tekniske problem. Berre i vinter har 60 ferjeavgangar blitt innstilte.

SJÅ TV-SAK: Enda ein gong har E39-sambandet over Nordfjorden vore stengd på grunn av tekniske problem. Berre i vinter har 60 ferjeavgangar blitt innstilte.

MF Lote trafikkerte frå oktober 2008 til årskiftet 2015, då den vart flytta som fjerdeferje til Molde-Vestnes. Den har fire motorar, to i kvar ende. Det gjer at ein kan reparere medan ferja går som normalt. I tillegg gir motorane ekstra kraft om ein skal til kai i vind.

Dårlegare for kvart år

Her er tala for årlege kanselleringar på Anda-Lote:

  • 2012: 10 kansellerte avgangar – MF Lote – ny ferjekai opna
  • 2013: 7 kansellerte avgangar – MF Lote
  • 2014: 16 kansellerte avgangar – MF Lote
  • 2015: 80 kansellerte avgangar – MF Lifjord
  • 2016: 112 kansellerte avgangar – MF Årdal
  • Per feb. 2017 56 kansellerte avgangar – MF Årdal

Redningsbåt frå MF Årdal

FEKK PROBLEM: Ferja MF Årdal fekk tekniske problem i går kveld, og har sidan det ikkje vore inne på sambandet Anda-Lote.

Foto: David Kandal / NRK

Kraftig forverring

E39 Lote-Anda er tradisjonelt eit velfungerande samband, no er sambandet blitt ein «versting». Det stadfestar rådgjevar i ferje og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen, Trygve Haram:

– Det er vel ingen europa- og riksvegsamband som blir stengt oftare. Det spesielle er at sambandet berre har ei ferje, konsekvensane blir ekstra store.

Det har ikkje akkurat mangla på klager ¨på dårlegare materiell, men regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 forsvarar at ein har flytta den:

– Ein ville styrke kapasiteten på Molde Vestnes, då treng vi kapasiteten og farta til MF Lote.

Vil ikkje flytte ferja tilbake

Kristoffersen vedgår at MF Lote takla E39-sambandet i Nordfjord betre:

Tor Kristoffersen.

MISNØGD: Regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 vedgår at MF Lote hadde vore ei betre ferje.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi ser jo tala, MF Lote er ei veldig god ferje med gode reservesystem, og som taklar tøffe verforhold. Tradisjonelle ferjer som "Lifjord" og "Årdal" har færre reservesystem.

Ved nyttår 2018 får Anda-Lote to splitter nye miljøferjer. Fjord1 har ikkje tenkt å sende Lote tilbake ut året:

– Nei, dei får den ikkje tilbake.

Kvifor ikkje?

– Dette er ei disponering av Statens vegvesen som vi ikkje tek stilling til. Vil dei ha endring får dei be om det.

Spelar ballen tilbake

Men Vegvesenet vil ikkje love noko.

– Dagens ferje Årdal er godt innanfor krava, det er berre det at Lote er ei mykje betre ferje. Dette er ei vurdering Fjord1 har gjort, vi er i løpande dialog og får ta det derfrå, seier Trygve Haram.