Hopp til innhold

Uavgjort etter sjokkstart for Sogndal - Flo-perle sikra poenget

Det er framleis ein Flo i Sogndal. Eit langskot klin i krysset frå Ulrik sikra eit viktig poeng for sogningane.

Ulrik Flo scora årets første mål på heimebane for Sogndal.

SCORA: Ulrik Flo utlikna i kampen mot Sarpsborg, med eit langskot i krysset.

Foto: Arne Stubhaug

Opninga på kampen mot Sarpsborg 08 i kveld blei like nedslåande for Sogndal som sesongopninga mot Stabæk førre søndag. Etter knapt eitt minutt reiv Sarpsborg-ving Franck Dja Djedje seg laus frå sogndalstoppar Taijo Teniste og skaut ballen til venstre for Mathias Dyngeland og i sogndalsmålet. 0–1 til sarpingane.

Tafatt start

Aggressivitet kjenneteikna spelet til Sogndal i sesongoppkøyringa. I 3-0-tapet på Nadderud stadion for ei veke sidan hadde denne intensiteten kvorve som dogget for sola. Også dei fyrste minuttane mot Sarpsborg var presset slapt.

Fyrst etter ti minuttar kom dei fyrste sjansane til sogningane. Gustav Valsvik slo ein lang ball opp mot spiss Ulrik Flo. Mahatma Otoo hæla ballen tilbake til Flo som nesten kom til avslutting. På den etterfølgjande corneren brassa Otoo utanfor Sarpsborg-målet. Flo og Otoo viste glimt av det radarparet dei var i eit par kampar på hausten i fjor.

Midtbanespelar Petter Strand synte seg fram etter 16 minuttar då han braut eit oppspel frå Sarpsborg og sende av garde eit skot, som diverre for Sogndal gjekk til venstre for Sarpsborg-målet.

Ruben Holsæter og resten av Sogndal slit med å kome til målsjansar

SLIT: Sogndal fekk 0–1 målet mot seg allereie etter 54 sekund. Sjølv om laget har kome godt inn i kampen etter sjokkscoringa, slit Ruben Holsæter og lagkameratane med å kome til sjansar.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Sogndal gode midtveges

Etter tjue minuttar viste Valsvik fram silkefoten. Ein lekker crosspasning til Eirik Skaasheim enda med eit farleg innlegg som Flo nesten fekk pannebrasken på. Det fekk derimot Otoo på det etterfølgjande innlegget. Ballen strauk like utanfor Sarpsborg-målet.

Sogndal var gode midtveges i omgangen. Men etter 27 minuttar var det Martin Wiig på Sarpsborg som plutseleg fekk ein gratissjanse. Azar Karadas heada i Sarpsborg-spelaren som kom fri åleine med Dyngeland, men 18-åringen redda.

Sogndal pressa

Etter ein halvtime fekk Sarpsborg sine store spelar i sesongopninga mot Brann førre helg, Aaron Samuel, gult kort etter å ha sendt olbogen i kjaken til Karadas. Hardhausen frå Eid blei liggjande, men kom seg etter kvart på føtene.

I det 39. minuttet fekk publikum på Fosshaugane igjen sjå småfint samspel mellom Otoo og Flo. Denne gongen var det ghanesaren som la oppspelet ned i føtene på Flo, som ikkje greidde skyta ballen forbi Sarpsborg-keeper Duwayne Kerr.
Ørjan Hopen kom inn for Eirik Skaasheim nokre minuttar før dommar Omar Rafiq bles av ein 1. omgang der Sogndal ligg under 0–1.

Meir juling for Karadas

Drapsforsøk, ropte sogndalpublikum eitt minutt ut i den andre omgangen då Karadas fekk sin andre smell i kampen, denne gongen frå målskårar Dja Djedje. Men dommaren nøydde seg med å gi sarpsborgspelaren gult kort. Denne gongen makta ikkje eidaren meir og lunta i garderoben med bomullsdottar stikkande ut frå ein blodig nase. Inn for Karadas kom kaupingen Kristian Fardal Opseth.

At sogndalkapteinen måtte kasta inn handkledet, såg ikkje ut til å hemma heimelaget. I det 50. minuttet kom Petter Strand til ein stor sjanse, men skotet frå straffemerket blei blokkert.

Tre minuttar seinare ville ikkje innbytar Fardal Opseth vera dårlegare. Med ei lekker dragning kom han seg laus frå stopparane på Sarpsborg, men skotet gjekk ein meter utanfor målet.

Perle frå Flo

Så etter 55. minuttar kom det heimepublikumet hadde venta på. Eit innlegg frå Ruben Holsæter blei stussa vidare av Otoo, og på 20 meter venta Ulrik Flo, no trekt ned som midtbanespelar. Stryningen banka ballen inn i krysset på Sarpsborg-målet. 1–1 og ståande ovasjonar på Fosshaugane.

Like etter var målskårar Dja Djedje nær ved å senda Sarpsborg i leiinga på ny, men skotet gjekk i stonga.

Hopen-krut

Etter 64 minuttar var det Ørjan Hopen sin tur til å syna fram venstreslegga. Men Kerr i gjestemålet redda det harde skotet frå 16 meter.
Petter Strand bidrog med mykje godt offensivt på sogndalslaget. Etter 73 minuttar fekk han ballen nesten i nota, men eit tigersprang av Kerr hindra 2-1-leiing til Sogndal.

Utover i omgangen fann Sogndal verkeleg tilbake til sitt gamle eg. Spelarane sprang som heltar, og intensiteten i spelet var høg.

Sesongens fyrste poeng

Mot slutten av kampen byrja kreftene å svinna, og i det 83. minuttet kom Sarpsborg på ei sjeldan farleg vitjing føre sogndalmålet. Innbytar Kristoffer Tokstad drog seg inn i sekstenmeteren og skaut like utanfor det lengste hjørnet.
Sogndal mobiliserte dei siste minuttane, men heller ikkje skotet frå Logi Valgardsson like før slutt sneik seg forbi fangarmane til Kerr. Dei 2511 tilskodarane måtte konstatera at det blei 1–1 mellom Sogndal og Sarpsborg 08 på Fosshaugane Campus.