Alt no er prisen 20 prosent over tilsvarande periode i fjor, og leverandørane må auke prisane med hyppige mellomrom, seier omsetnings- og produksjonssjef Jacob Hornnes i Sognekraft.
Du kan godt merke av 15. februar 2003 på kalenderen. Til denne datoen bør du ha pengar på kontoen til å betale vesentleg meir enn du gjorde sist vinter. Blir det kaldt framover, kan mange få ei straumrekning på 6-7000 kroner. Dei som slepp unna det, er folk som har fastprisavtale.
Og så årdølene då. Medan dei fleste no må ut med rundt 47 øre kilowattimen, tek ikkje Årdal Energi meir enn vel 29 øre. Men Årdal Energi sel straum berre til folk som bur i Årdal.
For oss andre er det ikkje mykje hjelp i å skifte leverandør for tida heller. Det vedgår Jo Børre Eikås i Kraftkompaniet Vest i Florø, som tidlegare har marknadsført seg på at dei skal vere vesentleg billegare enn andre leverandørar. Dei kan vere to-tre øre billegare enn andre, men når prisen pr kilowattime frå produsenten blir så høg, vil ikkje det utgjere noko særleg.
Den einaste måten å få ned straumrekninga på, er å spare straum, og det er heller ikkje så enkelt når kvikksølvet kryp nedover på gradestokken. Og Jacob Hornnes i Sognekraft kan ikkje love at det blir pengar å spare på å inngå fastprisavtale frå nyttår. Det er veret som til slutt vil avgjere prisen. Blir det ein snørik vinter, vil prisen falle utover på våren, seier han.