Hopp til innhold

Sjokkpris for hundepass

Rolf Bjørnarheim gjennomførte to hofteoperasjonar, og skulle hente heim att hunden som var i pensjon. Pris: 190 000 kroner.

Rolf Bjørnarheim
Foto: jan nik. hansen

- Dette er rein utpressing, seier Bjørnarheim til avisa Firda Tidend.

82-åringen frå Breim har drive hundeoppdrett i fleire ti-år. Eit ektepar som tidlegare har kjøpt hund frå Bjørnarheim, tilbaud seg å passe hunden hans då pensjonisten skulle opererast for tre år sidan.

Men å få hunden tilbake skal vise seg å vere vanskelegare enn Bjørnarheim hadde trudd.

Skriftleg avtale

Hunden Bjønroas Pila vart overlevert i juni 2005. Begge partane skreiv under ein avtale, og Bjørnarheim tok farvel med hunden sin som då var eitt år gamal.

I avtalen er det presisert at ekteparet skal disponere hunden under utgreeing og gjennomføring av hofteoperasjonane.

Men ekteparet bad om å få ha Bjønroas Pila ei stund til. Bjørnarheim sa ja, men då han skulle hente hunden tilbake til Breim i sommar, vart ting plutseleg vanskeleg.

Hyra advokat

I august sendte Bjørnarheim e-post til ekteparet og sa opp avtalen. Men ekteparet vil behalde hunden, og meiner dei er førespeila eit eigarskap.

Bjørnarheim tok kontakt med advokat, som kravde hunden tilbakelevert i september. Hunden fekk dei ikkje, men heller ei rekning på nær 190 000 kroner for tre år i pensjon. Dersom ikkje Bjørnarheim betaler, stig kravet til 500 000 kroner.

Utpressing

- At dette vert gjort mot ein 82-åring gjer saka særleg kritikkverdig, seier advokat Asbjørn Berg.

Han sler fast at saka vert handsama som rein utpressing. Bjørnarheim ser det som eit forsøk på å skremme.

Er kjenningar i hunde-miljøet

Ekteparet ynskjer ikkje å kommentere saka. Dei skal ifylgje Firda Tidend vere profilerte i det norske hundemiljøet.