Hopp til innhold

Sjokkerte over valresultatet, men usamde om konsekvensane

FLORØ (NRK): Steven Standal trur verda går fire dystre år i vente med Donald Trump som president. Bror Kenneth Bjørbæk-Standal meiner han tek heilt feil.

Dei to brødrene Steven og Kenneth er født og oppvokst
i USA, men har bodd de siste tjue årene i Florø. I natt fulgte de nøye med på presidentvalkampen, og brødrene er helt uenige om den nye presidenten.

– Han er ingen god fyr til å leie landet. Han er forretningsmann, men ingen stor forretningsmann. Han har mange svin på skogen, men han er flink til å forhandle og kritisk til folk, på ein måte politikarar til no ikkje har vore, seier Steven Standal.

Norskamerikanaren i Florø var skuffa då han såg resultatet av presidentvalet i USA. Han stemde på Hillary Clinton, og vart både trist og sjokkert over at Donald Trump sikra seg nøkkelen til det Kvite Hus i fire år.

– Som utanriksperson trur eg ikkje han duger i det heile. Eg skjønar at han har fått folk med seg på det han seier, og folk er leie av systemet og vil ha endring. Om han er rette medisin er eg derimot i tvil om, seier han og ristar på hovudet.

Trur Trump vil klare seg godt

Meir oppstemt er bror hans, Kenneth Bjørbæk-Standal. Sjølv om han ikkje vil kalle seg ein ihuga Trump-supporter er han særs tilfreds med resultatet av valet. Også han var i sjokk, men av det meir godarta slaget.

– Eg trur han vil gjere det betre enn dei fleste trur. Han har flinke folk bak seg, og det har folk gløymt, seier han.

Han trur også at Noreg vil kome godt ut av det med Trump som president, fordi han har god forbindelse til Russland.

– Talane i ettertid syner også at han ikkje vil skubbe folk vekk, men at han seier ein må kome saman og samarbeide trass tidlegare usemje.

Heilt kva ein kan forvente veit Trump-tilhengaren likevel ikkje.

– Eg trur ikkje han blir den flinkaste presidenten, men han er audmjuk og villig til å lære. Alle må byrje ein stad.