Hopp til innhold

Tiåring opna døra då politiet kom for å hente hunden Nala

– Horribelt. Ein maktarroganse utan like, seier Tommy Fredriksen etter at politiet kom på døra for å hente hunden Nala. I dag må han levere frå seg hunden til lensmannen.

Hunden Nala og eigarane Hilde Eide og Tommy Fredriksen

MAKTARROGANSE: – Eg kan ikkje skjøne at dei kan ha haldepunkt får å tru at eg vil gøyme Nala. Vi har vore dønn ærlege heile vegen. Kvifor skal vi snu no, seier hundeeigar Tommy Fredriksen (t.h.), her saman med sambuaren Hilde Eide.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Politiet vil at hunden skal tvangsavlivast etter at den drap ein sau i september i år. Hundeeigarane på Sandane seier Nala, som er ein blanding av Alaskian Malamute og labrador, vart angripen av sauen.

Vedtaket er klaga på då hundeeigarane meiner det er gjort fleire feil i saka. Dei kjenner ikkje til at det er gjort noko nytt vedtak.

Då familien skulle setje seg ved middagsbordet fredag kveld, kom tre polititenestemennn på døra for å hente hunden. Utan forvarsel.

– Stesonen på ti år, som elskar hunden, opna døra og vart møtt av tre politifolk som stod mindre enn ein halvmeter frå døra: «Hei det er frå politiet her; vi skal ta med oss hunden dykkar», fortel Tommy Fredriksen.

– Milde eller tøffe måten?

– Tiåringen vart veldig lei seg og skremd av politiet. Politifolka luska lenge rundt i hagane og såg inn vindauge til både oss og naboane. Dei brydde seg ikkje om at det var born i husa som vart skremde. På spørsmål fekk vi beskjed om å ikkje blande oss i politiarbeidet, legg han til.

Fredriksen er ikkje imponert over den tøffe tonen til politiet under den kring time lange aksjonen.

– Eg fekk slengt i meg «Tommy, skal vi gjere dette på den milde måten, eller vil du at vi skal gjere det på den tøffe måten?», held Fredriksen fram.

– Bør trå varsamt

– Som miljøterapeutar har både eg og sambuaren min litt kjennskap til korleis ein bør trå i følsame saker og saker der born er inne i biletet. Eg undrar kva risikovurdering politiet tok, seier Fredriksen.

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

POD: Tenestestadleiar Nils Ove Roset vil ikkje kommentere kva som er sagt og opplevinga til familien på Sandane, men seier at politiet handlar ut frå kva politidirektoratet seier. Det er dei som handterer saka.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Tenestestadleiar for politiet i Gloppen, Nils Ove Roset, er konfrontert med uttalar politiet kom med og familien si oppleving.

Han ynskjer ikkje å kommentere aksjonen. Han påpeikar at verken tenestemenn eller bil var uniformerte.

– Men tidspunktet vart valt fordi vi må treffe hundeeigarane når vi veit at dei er heime, seier han.

Heidi Toward, seniorrådgjevar i Politidirektoratet, seier klagen ikkje er avgjort.

– Men hunden skal i forvaring uansett. Det er avgjort utsett iverksettelse av avlivingsvedtak til endeleg vedtak er avgjort, seier ho.

Stolar ikkje på politiet

Etter at tenestemennene konfererte jourhavande politiadvokat, og hundeeigaren kontakta sin advokat, fekk hundeeigaren beskjed om å levere Nala til politiet på måndag.

– Eg brukar mine juridiske rettar til å halde Nala tilbake så lenge som mogleg. Eg stolar ikkje på at politiet gir meg dei rettane. Difor skal all kommunikasjon gjennom advokat, seier Fredriksen.

Han vil levere hunden om alt går rett føre seg.

– I det minste får i alle fall borna ta farvel med Nala på ein skikkeleg måte. Men vi meiner at vi har ei god sak, avsluttar han.