Hopp til innhold

Sjokkert over NSB i Aurland

Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker frå Høgre er sjokkert over NSB si framferd i striden om Flåmsbana.

Flåmsbana vinter

HEIT POTET: NSB og Aurland Ressursutvikling har gjennom 15 år hatt kvar si rolle i suksessen til Flåmsbana. No ynskjer begge så mykje som mogeleg av kaka - og avtalen er ikkje fornya.

Foto: Vidar Gudvangen / NRk

NSB driv no turistmagneten åleine, etter at ein ikkje er komne til semje om ny samarbeidsavtale med Aurland Ressursutvikling. Dermed får heller ikkje lokalt næringsliv inntekter frå drifta.

I fjor reiste over 635.000 turistar med bana. Dersom avtalen ikkje blir fornya, kan det bli dramatisk for reiselivet i Flåm.

Tykkjer det er oppsiktsvekkjande

Øyvind Halleraker

IKKJE NØGD: Øyvind Halleraker (H) tykkje NSB må endre tone i saka om Flåmsbana.

Foto: Knut Falch / Scanpix

Øyvind Halleraker meiner ein må vurdere å legge bana ut på anbod om ikkje NSB endrar tone og ber samferdsleministeren sende tydelege signal.

– Dette tykkjer eg var relativt oppsiktsvekkjande. Eg ventar at statsråden går inn og gir sitt syn til kjenne, seier han til NRK.no.

– Usmakeleg

Halleraker likar ikkje det som har skjedd og seier det ikkje går an å oppføre seg slik som NSB har gjort.

– Eg tykkjer dette er ein usmakeleg opptreden får eit statsselskap. Flåmsbana var for nokre år sidan i fare for nedlegging, men ein fekk til eit lokalt initiativ. Dei har etter kvart klart å dyrke fram eit av dei beste turistkonsepta i Norge. Når denne suksessen også har gitt eit god botnlinje, så kjem altså statsselskapet inn og seier dei vil ha det tilbake, seier han.

Vil ikkje gripe inn

Avtalen gjekk ut ved nyttår, men partane forhandla på overtid fram til brotet denne veka. NSB har dei siste 15 åra drifta turistmagneten til kostpris, medan Aurland Ressursutvikling har stått for alle utgifter til marknadsføring og har fått alle inntektene.

NSB la fram eit avtaleutkast til utviklingsselskapet. I ein mail frå 14. februar kjem det klart fram at NSB ikkje godtek noko anna enn utkastet.

Samferdsledepartementet opplyser til Bergens Tidende at dei ikkje vil gripe inn. NSB vil ikkje kommentere saka.