Hopp til innhold

Sjokkert over lærling-utspel frå NHO

At NHO åtvarar ungdom mot å velje utdanning med læretid i industrien, sjokkerar opplæringskontoret.

Jorunn Kriketeig og Jan Atle Stang

OPPRØRT: Jorunn Eide Kirketeig ved opplæringskontoret for industri og teknologifag tykkjer lite om at NHO-regiondirektør Jan Atle Stang åtvarar ungdom mot å velje industriutdanningar.

Foto: Marie Stafsnes Osland/Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er ikkje ofte at Stang får meg til å setje kaffien i halsen, men der gjorde han det. Det seier ei opprørt Jorunn Eide Kirketeig, dagleg leiar ved opplæringskontoret for industri- og teknologifag i Sogn og Fjordane.

I eit intervju med NRK tidlegare i veka antyda regiondirektør i Næringslivets Hovudorganisasjon, Jan Atle Stang, at unge nærast vart lurte til å velje fag der dei trur dei skal få læreplass, for så å bli ståande utan.

Stort behov for fagarbeidarar

– Eg tykkjer det er sjokkerande å høyre at NHO går ut og anbefaler at ungdom ikkje skal velje industri- og teknologifag. Behovet vi har for framtidige fagarbeidarar i Sogn og Fjordane er ganske stort, seier Kirketeig.

Ho legg til at det er sant at dei som har satsa sterkt mot oljebransjen slit no.

– Men det er faktisk eit fåtal og ein liten del av det som er industri i Sogn og Fjordane. Industri- og teknologibedrifter i fylket er i stor vekst, seier Kirketeig.

Også alderssamansetjinga i industrien er begynt å bli høg, noko som gjer behovet for ny arbeidskraft enda større, fortel ho.

Vanskeleg å spå framtida

– Men det er slik at ein del ungdom dessverre har opplevd dei to siste åra å bli ståande utan læreplass. Det likar vi dårleg, og vi jobbar hardt for å skaffe dei læreplass. Men vi har ingen forventing om at dette skal halde fram, seier ho.

– Er ein flink nok til å fortelje dei som skal velje studieretning om kva utsiktene er?

– Det er vanskeleg å sjå inn i glaskula, så vi kan aldri bli gode nok, men det som er sikkert er at vi i dette fylket vil ha behov for all ungdom i alle typar fagutdanningar, seier ho.

Beklagar utspel

Jan Atle Stang seier han snakka om petroleumsretta læreplassar. Han beklagar viss dette blei tatt til inntekt for andre næringar.

– Eg blei spurt om grunnen til at det var mangel på læreplassar. Då svara eg at ein del av grunnen er nedgangen i ein del næringar som er petroliumsretta, men det betyr ikkje at andre næringar ikkje tar inn lærlingar, seier Stang.

– Eg meiner at politikarane må prioritere studium og linjer der det er ein jobbmarknad og ein læreplass etter utdanninga. Alle tilbod ein gir, må ha ein slutt der eleven veit at han kan få læreplass og jobb, seier Stang.