Hopp til innhold

Han er sjokkert over at regjeringa kuttar tilskot til gang- og sykkelveg

Ordførar Alfred Bjørlo i Eid er forferda etter kutt i løyvingane til å fullføre ein gang- og sykkelveg på E39/RV15 i framlegget til statsbudsjett.

Alfred Bjørlo

- DIREKTE OPPSTIKTSVEKKANDE: Ordførar Alfred Bjørlo er sjokkert over at regjeringa stansar gang- og sykkelvegbygginga.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Gang- og sykkelvegen frå Nordfjordeid til Hornindalsvatnet er eit spleiselag mellom stat og kommune. Kommunen legg ny hovudvassledning til sentrum under gangvegen, i tillegg blir det lagt fiber som ein del av Nordfjord-kommunane si felles fibersatsing. No står berre ein liten parsell att, og då vil regjeringa stanse løyvingane.

Dermed kan fleire titals millionar kroner som Eid kommune har sett av vere til inga nytte, seier Bjørlo.

– Dette er direkte oppsiktsvekkande. Regjeringa har sagt dei skal satse på veg. Vi har kome så langt i førebuingane at vegvesenet har teke til å rive hus langs vegen fordi alt er lagt opp til at ein skal byggje her neste år. Og så er pengane plutseleg vekk.

Gravemaskinene er alt i full gang i spleiselaget mellom stat og kommune som både skal gi ny gang- og sykkelveg mellom Nordfjordeid og Hornindalsvatnet, og kommunal hovudvassleidning til innbyggarane på Nordfjordeid. Det er også lagt fiber i Hornindalsvatnet som skal førast vidare som ein del av utbygginga til Nordfjordkommunane frå Nordfjordeid til Hornindal.

Sjølv om store delar av anlegget snart er ferdig står det att nokre hundre meter, og i framlegget til statsbudsjett har regjeringa kutta den siste løyvinga på 40 millionar kroner. løyvinga skulle også sikre gul midstripe på E39/ Riksveg 15 frå Hjelle til Hornindalsvatnet.

– Investering til inga nytte

Ordføraren er mildt sagt overraska, kommunen har sett av 40 millionar til prosjektet, 15 millionar er alt brukt, førebels til lita nytte.

– Det seier seg sjølv at heile den investeringa har inga nytte for folk før heile hovudvassnettet er ferdig. Det hjelper ikkje å ha eit hovudvassnett der det manglar 500 meter med røyr midt på.

Statens vegvesen hadde sett av pengar til å fullføre gang og sykkelvegen som avtalt med kommunen til neste år. Men i budsjettet er pengane vekke. Avdelingsdirektør i Statens Vegvesen Nils Magne Slinde er også overraska.

– Så hadde vi håpa at vi skulle kome i gang med vidareføringa av gang- og sykkelvegen på Nordfjordeid. Den er med i handlingsprogrammet, så vi hadde forventningar til at den var med.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

OVERRASKA: Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Kva i all verda tenker dei på?

No vil Bjørlo ta saka opp med departementet som så langt ikkje har kunna kommentere saka.

– Dette må det ryddast opp i. Aller først må vi få eit svar frå departementet: Kva i all verda er det dei tenker på her?