NRK Meny
Normal

Det gjekk eit gisp gjennom fylkesutvalet - Staten krev tilbake 20 Dagmar-millionar

Fylkespolitikarane er i sjokk etter at Staten no krev å få tilbake 20 millionar kroner som Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk utbetalt for å dekke skadane etter orkanen Dagmar.

Otterdalsvegen

GRUNNLAG FOR ERSTATNING: Øydeleggingane på vegen til Otterdalen var mellom det fylkeskommunen fekk erstatning for.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

For Sogn og Fjordane har fått 20 millionar kroner for mykje etter orkanen Dagmar, meiner Kommunaldepartementet, etter å ha finrekna på erstatningane etter orkanen i jula 2011.

Nils P. Støyva

SKREKK OG VANTRU: Nils P. Støyva (Ap) var sjokkert over kravet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dette er uhøyrt, seier gruppeleiar Nils P. Støyva i Arbeidarpartiet.

– Når vi heilt i sluttfasen i ein budsjettdebatt plutseleg får beskjed om at det er ein manko på 20 millionar kroner så er det uhøyrt.

– Dette kan vi ikkje akseptere

– Du reagerte med skrekk og vantru, sa du...

– Ja, det går ikkje an at eit departement vender seg til ein fylkeskommune og trekkjer inn 20 millionar kroner i sluttfasen i ein vanskeleg budsjettprosess. Dette er dårleg politisk og administrativ handtering.

– Men om de har fått for mykje, skulle det ikkje då berre mangle at de betalar det tilbake?

– Dette burde dei ha gjort på ein annan måte. Det er snart tre år sidan desse øydeleggingane. Vi kan ikkje ha eit opplegg der vi plutseleg får endra rammevilkåra over natta. 20 millionar er mykje pengar, dette kan vi ikkje akseptere

Dei 20 millionane må fylkeskommunen betale tilbake. Dette kjem samtidig som politikarane prøver å kutte kraftig på både kort og lang sikt.

Noralv Distad

OVERRASKA: Noralv Distad (H) synest det var negativt å få eit slikt krav no.

Foto: NRK

– Ei utfordring

Heller ikkje Høgre sin gruppeleiar, Noralv Distad, var særleg glad for å få eit slikt krav frå eit departement som blir styrt av hans partifeller.

– Det er negativt å få ei slik melding. No veit eg ikkje kva som er den saklege bakgrunnen for det. Eg reknar med at fylkeskommunen har levert ein rekneskap, men det er overraskande å få ei slik melding over bordet, og dette blir ei utfordring for fylkeskommunen.

– Det gjekk eit gisp gjennom fylkesutvalet då dette vart opplyst...

– Ja, det er klart at når det blir presentert over bordet, heilt utan forvarsel, utan noko dokument så er det overraskande. 20 millionar i ein frå før anstrengt økonomi er veldig mykje.

– Du er sjølv ordførar i Aurland, ein kommune som no skal sende inn krav om erstatning for naturskade. Er du redd for at de og kan få eit krav om tilbakebetaling om tre-fire år?

– Vi må sende inn realistiske krav, men vi må vere budde på at det blir eit sluttoppgjer, det må vi ta høgde for.

Jenny Følling

- HEILT UHØYRT: Slik kan vi ikkje ha det, sa varaordførar Jenny Følling (Sp)

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Uhøyrt praksis

Også for fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) kom kravet om 20 millionar kroner som lyn frå klar himmel.

– Eg blir ganske sjokkert over at departementet tre år etter ein orkan kjem og seier: Sorry, vi skal ha att 20 av dei millionane. Det er heilt uhøyrt praksis, det må undersøkast om det er ny praksis eller kva som er grunnlaget for å kome eit slikt krav.

– Men det er vel rimeleg at de må betale tilbake om de har fått for mykje?

Når departementet har sagt at vi måler ut pengar så må dei ha såpass grunnlag ut frå det dei gjer at dette er det vi får, og ikkje kome med krav etter to-tre år.

Ho er svært oppøst over at dette kjem på toppen av ei rekkje andre innsparingskrav fylkeskommunen må møte.

– Det er heilt uhøyrt at departementet har slike arbeidsmetodar, og det må takast opp med politisk leiing. Slik kan vi rett og slett ikkje ha det. Det blir svært problematisk å sy saman eit budsjett no.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.