Hopp til innhold

Sjokkert over Dagmar-krav

Fylkespolitikarane reagerte med vantru på beskjeden frå kommunaldepartementet i fylkesutvalet i dag. Fylkesrådmannen opplyste at departementet per telefon har gjeve beskjed om at dei har finrekna på støtta som vart utbetalt etter orkanen Dagmar. Sogn og Fjordane skal ha fått 20 millionar for mykje, som må betalast tilbake. Dette kjem i tillegg til innsparingskravet som allereie fører til at fylkeskommunen må kutte.

Møte i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK