Tjuvane brukte rå makt, og knuste rutene i butikklokalet for å kome seg inn. Vel inne skal dei ha teke med seg alt dei kom over. Den samla verdien kan vere fleire hundre tusen kroner.
Vitne melde frå
Tjuveriet hjå Monrad Johnsens Eftf. skjedde i halv fire-tida, og politiet vart varsla av eit vitne. Operasjonsleiar Leif Bell vil førbels ikkje seie om det var ein eller fleire personar som utførde det grove tjuveriet.
Fann fluktbil
Ein stolen bil er funnen med emballasje frå gullsmedbutikken, og politiet trur bilen vart brukt under ein del av flukta. Politiet er svært interessert i tips frå folk som har sett bilar ved Skredestranda aust for sentrum.
Politiet set førebels ikkje tjuveriet i samband med andre innbrot i fylket dei siste dagane.