Hopp til innhold

Sjokk for revmatikarane

Revmatikarane i fylket reagerer sterkt på at dei no blir råka av kutta i Helse Førde.

I går vart det kjent at ergo- og fysioterapi-tilbodet ved Førde Sentralsjukehus blir halvert. Dette er det einaste tilbodet til revmatikarane i Sogn og Fjordane, og det får difor store konsekvensar for dei det gjeld.

Herdis Indrebø, som er fylkesrettleiar i Norsk Revmatikarforbund, fryktar at dei no må reise ut av fylket for å få den behandlinga dei til no har kunna fått på sentralsjukehuset.

- Det er rett og slett ein tragedie, for det er mange som treng oppfylgjing på denne avdelinga. Det er klart at når dette skal halverast er det ikkje mange som får kome der og få hjelp. Det er så mange som har fått god hjelp på avdelinga, og eg forstår ikkje at kutta skal gå ut over ei så svak gruppe som oss revmatikarar. Eg kan ikkje forstå at det er pengar å spare ved å sende oss ut av fylket.