Hopp til innhold

Sjeldne isgrotter skjuler seg under breen

LUSTER (NRK): Under Nigardsbreen i Sogn finst det mange og store isgrotter, men berre av og til er dei tilgjengelege for menneske.

Turistar under Nigardsbreen

SPEKTAKULÆRT: Nicolas Legrand og Heloise Rossi er på feire i Norge for å oppleve vinteren. Grottene under Nigardsbreen er eit sjeldan vinterfenomen som berre kan opplevast på vinterstid.

Foto: Kaia Johnsen Viki

– På bileta ser det nydeleg ut med dei lyseblå fargane, seier Nicholas Legrand frå Frankrike.

Han er på ferie i Norge saman med kjærasten. No skal dei inn til Nigardsbreen for å oppleve isgrottene, som skjuler seg under den.

Isgrottene er eit naturfenomen som endrar seg i takt med rørslene til breen. Nokre år kan dei vere heilt utilgjengelege for menneske. Andre år kan det vere fleire grotter som det er mogleg å besøke.

Turistar ved Nigardsbreen

TETT PÅ: Om vinteren er det høve til å bevege seg nærmare breen enn om sommaren.

Foto: Ingvild Bakken

Seks kilometer på truger

Ben Forester guidar tusenvis av menneske oppå Nigardsbreen kvar sommar. Men det er langt færre som får oppleve grottene som finst under den. Forster meiner naturfenomenet er heilt unikt.

Guide Ben Forster i Isgrotte under Nigardsbreen

BREFØRAR: Ben Forster har guida om lag 50–60 personar til isgrottene denne vinteren.

Foto: Ingvild Bakken

– Breen beveger seg heile tida, så kvar grotte er unik. Det å komme inn i ei grotte er heilt fantastisk, seier guiden frå New Zealand.

Nigardsbreen er eit av dei mest tilgjengelege brefalla i Europa. Om sommaren går det veg nesten heilt inn til breen. For å komme seg inn til breen og isgrottene på vinterstid, må ein gå seks kilometer på ski eller truger.

Denne dagen skal Forster ha med seg fire personar, eit eldre par frå Nederland og eit ungt par frå Frankrike.

Mållause turistar

På veg ned i isgrotta

SNØDEKT: For å kome seg ned i isgrotta må ein ned i eit hol i snøen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg har ikkje klaustrofobi, men eg er veldig spent på korleis det blir, seier Legrand.

Turen går heilt fram til brekanten og deretter langs med den eit stykke. Gjennom eit lite hol i snøen kjem ein seg ned i grotta.

– Ta det roleg og trakk i spora mine, seier Forster til turistane. Når ein kjem ned i hola må ein åle seg mellom isen og ein stor stein som breen kvilar på.

– Dette er heilt fantastisk, eg har nesten ikkje ord. Det var verkeleg verdt slitet med å kome seg hit, seier Gijsbert Dijkdrenth, når han har kome seg ned i grotta.

– No står vi med fleire tonn is over oss. Det er heilt fantastisk å sjå korleis naturen har jobba og forma dette gjennom tusenvis av år, seier Forster til turistane.

Isgrotte i Nigardsbreen

ISGLATT: Christa Dijkdrenth manøvrerer seg gjennom isgrotta. På bakken er det is og snø.

Foto: Ingvild Bakken