Hopp til innhold

Sjeldant dyr leid trafikkdøden

Det er ikkje mange av desse dyra i Sogn og Fjordane, og måndag morgon vart det eitt mindre.

Grevling påkøyrd rv5 i Sogndalsdalen ved Bjelde

PÅKØYRD:

Foto: Birger Meland / NRK

Då NRK-reporter Birger Meland var på veg til Sogndal grytidleg måndag morgon oppdaga han eit dyr i vegbana.

– Eg var på veg til Sogndal for å rapportere frå siste turen med Fjord1-snøggbåten frå Sogndal til Bergen, og var komen nedover Sogndalsdalen, og klokka var ca. 6.15. Om lag ein halv kilometer før avkøyrsla til Bjelde såg eg eit dyr i vegkanten.

Få dyr på våre kantar

Birger Meland stansa for å sjekke om dyret var i live eller ikkje og såg då at det var ein grevling . Dette dyret er svært vanleg på Austlandet, men i Sogn og Fjordane er det ikkje mange dyra.

Seniorrådgjevar Johannes Anonby på miljøvernavdelinga til Fylksmannen kjenner til at det er ein grevlingbestand i Luster.

– Det er ikkje så mange år sidan den første observasjonen av grevling i Sogn og Fjordane. Dyret har kome hit frå Austlandet, der det er mykje meir talrikt.

To bestandar i Sogn

På nettsida til Norsk Zoologisk Forening er det eit kart som viser kor utbreidd grevlingen er i Norge. I Sogn og Fjordane er det registrert to bestandar, begge i Luster/Sogndal-området. Truleg kom dei første grevlingane over fjellet frå Austlandet rundt 1990.

Birger Meland håpar at nokon tok vare på grevlingen og eventuelt får den stoppa ut.

– Dyret var veldig lite skadd av samanstøyten, så hadde eg hatt min eigen bil og ikkje ein reportasjebil så hadde eg teke han med heim.