Det var på reinsjakt i området mellom Tundradalen og Bråta i Skjåk at Kåre Bø fekk den sjeldne jaktopplevinga i starten av august.
– Vi låg og jakta på flokken, då den flytta seg oppdaga vi at to dyr hadde hekta gevira i hop, fortel stryningen.
Bø, saman med Simon Eiesar og ein tredje jeger, vart ståande å sjå på bukkane som reiv og sleit for å kome seg ifrå kvarandre, utan å lukkast.
Sat lenge med fingeren på avtrekkaren
Eiesar, frå Skjåk, fortel til NRK at bukkane var nokre skikkelege kamphanar.
– Viss det ikkje hadde vore folk der, så hadde bukkane gått slik i ei veke eller 14 dagar, før dei hadde døydd. Det er ein pinefull død, seier den røynde jegeren.
Då bukkane hadde kjempa eit kvarter utan å kome ifrå kvarandre, bestemte Bø seg, som hadde løyve på fritt dyr, for å skyte den eine.
– Eg tenkte ei stund på om eg ville bruke løyvet på denne bukken, med det vart slik, fortel Bø.
Men det var ikkje berre enkelt å få inn eit sikkert skot. Bukkane bevega seg og Bø ville unngå å skadeskyte dei.
Ei spesiell oppleving
– Det var berre snakk om å vente. Eg måtte ligge på avtrekkaren heile tida, seier Bø.
Men jobben var ikkje gjort med det. No låg éin bukk død på bakken medan den andre, truleg godt skremd av skotet, hang framleis fast i sin tidlegare motstandar.
Simon Eiesar, med hjelp av den tredje jegeren, tok jobben med å få gevira frå kvarandre.
– Dei hang godt fast, og gevira fjøra, så det var bra vi var to om saka, seier Eiesar.
– Det er tøft gjort å ta jobben med å løyse gevira. Ein veit jo aldri kva veg reinen fer. Han fekk seg ei flenge i buksa, men elles gjekk det bra, fortel Bø.
Slaktevekt på 80 kilo
Eiesar fortel at han seinast sist haust kom over to døyde reinsbukkar. Dei hadde hekta gevira saman og det vart slutten for dei.
– Naturen er brutal, legg Eiesar til.
No er bukken, som hadde ei slaktevekt på 80 kilo, komen i frysaren i Stryn. Det blir både biff og reinskaker til familien utover vinteren.
– Kva hadde skjedd om du ikkje hadde skote eine bukken?
– Hadde ikkje vi oppdaga dei, er sjansen stor for at dei hadde stroke med. Jaktoppsynet var i området, så hadde ikkje eg skote bukken, hadde truleg dei følgt med på situasjonen, seier Bø.
– Har du opplevd noko liknande?
– Nei, det er sjeldan vare å oppleve slikt. Det var litt artig, seier Bø.