Hopp til innhold

Sjeldan har det vore så mykje snø her – Del dine snøbilete med oss!

Austavêr og nordavind har skapt mengder med snø i Nordfjord, og mest ser det ut til å vere på kysten.

Frå Gate4 Måløy
Foto: Eva Westvik

– Det er kjekt og kult, og eg har aldri sett så mykje snø før, fortel Kristian Kvalheim. Han er blant borna som hadde tidenes skidag i dag.

Ein halv meter snø i Måløygatene er eit sjeldan syn. Både aking og skigåing stod difor på menyen for barneskulane i Vågsøy.

– Det er nesten for mykje snø, men det er jo veldig kjekt for ungane som får utfolde seg på alle moglege måtar ute, seier Monica Solheim er lærar ved Skram skule. Ho har heller aldri sett så mykje snø i Måløy før.

Mildvêr på veg

Julekortmotiva poppar fram alle stader i fylket for tida, men Statsmeteorolog Steinar Skare kan fortelje at frå fredagen er det venta meir nedbør. Snø i indre strøk, men på kysten sludd eller regn.

Så då spørst det kor mange dagar snøen får ligge på den uvanleg snøfylte kysten vår.

– Ja, eg er redd det er meldt mildvêr i veka som kjem. Allereie i helga stig temperaturen, fortel Skare.

Del dine bilete med oss!

Er du ein av dei som har sikre deg eit bilete av det vinterlege vêret? Del dei med oss då vel.

Send inn eller del dine bilete av snø- og vintervêr.

SLIK GJER DU:

  • Ved å merk bileta dine med #nrksf på Instagram hamnar dei på kartet vårt.
  • Eller du kan sende biletet på epost til sffoto@nrk.no.

Laster innhold, vennligst vent..