Hopp til innhold

Sjeldan gås hamna i Nordfjord

Nok ein sjeldan gjest har forvilla seg til Gloppen. Berre fjorten dagar etter at ei sædgås blei sett på Sandane, har no fuglefotografen Svein Hjelmeset oppdaga ei tundragås.

Tundragås

ROSA NEBB: Denne undertypen av tundragås held til i Sibir.

Foto: Svein Hjelmeset

Det kan gå fleire år mellom kvar gong ei slik gås tek turen innom fjordfylket.

– Eg blei overraska då eg såg den i Bukta i går. Eg såg ein flokk med 40 canadagjess og då eg kikke nærare etter, så oppdaga eg ei tundragås mellom dei, fortel han.

Landa i populært område

Hjelmeset er ein ivrig fuglekikkar, men har aldri sett denne typen i Gloppen før. Det finns to typar tundragjess og den som er observert i Nordfjord, er den austlege typen med rosa nebb.

– Den held til på tundraen i Sibir og held seg vanlegvis meir aust når dei trekkjer sørover.

Bukta er eit freda våtmarksområde med gode forhold for fuglane som skal beite.

– Her er det urørt og lagt til rette, så fuglane stoppar her på veg mot sydlege strok.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tundragås

PÅ SYMJETUR: Tundragåsa trivast også saman med andre typar gjess.

Foto: Svein Hjelmeset

– Eit uvanleg syn

Ornitolog Alf Ottar Folkestad seier tundragåsa er sjeldan å sjå på Vestlandet.

– Det kan gå år mellom kvar gong vi ser tundragås på Vestlandet og nordover. Den er heller ikkje vanleg i resten av Norge heller, fortel han.

Det er ikkje lenge sidan det blei sett ei sædgås i Gloppen. Folkestad seier det er sett både slike gjess og tundragjess fleire stader i haust.

– Det har vore påfallande mykje sædgjess og tundragjess i år. Begge typane har vore sett i Norge i haust, det er spesielt.

Kanskje dei overvintrar

Han trur dersom vinteren ikkje blir for kald, så overvintrar dei her.

– Stadlandet, Bremanger og Askvoll er stader desse sjeldne gjestane kan henge igjen. Det kjem an på kulda og snøen, men ute ved kysten er klimaet truleg greitt for det. Viss ikkje, vil dei nok prøve å komme seg lenger sør.

Men frå jul og nyttår er desse gjessene lite orienterte på å komme seg sørover.

– Då finn dei ei område med lite snø dei kan overvintre i.

Kan vere tekne av vinden

Tundragåsa held seg stort sett i flokkar på seks til tjue fuglar. Folkestad trur likevel ei einsleg tundragås klarer seg bra.

– Dei er sosiale og held seg med andre typar gjess. I tilleg rugar den jo i nordleg strøk, så dei er hardføre.

– Men kvifor har tundragåsa hamna i Gloppen?

– Ei årsak kan vere mykje austlege vindar i haust som har vore til dels sterke.

Ber folk vere vakne

Ornitologen oppmodar folk om ha auga med seg når dei er ute.

– Hjelmeset har både auga og kamera med seg og får dokumentert fuglane. Det kan også folk flest, dersom dei kikkar seg rundt i naturen.

Tundragås

I NY FLOKK: Gjessene likar seg i Bukta fuglefredingsområdet.

Foto: Svein Hjelmeset