Fanga av storm i Mexicogolfen og ført ni tusen kilometer austover

Ein sjeldan fugl er for første gong observert på norsk fastland. Tilfeldigheiter, litt flaks, og ein god dose ekspertkunnskapar sørga for denne eksepsjonelle observasjonen.

SJELDAN: Eremittsnipe blei for første gong observert på norsk fastland denne veka.

SJELDAN: Eremittsnipe observert for første gong i Noreg, etter å ha reist ni tusen kilometer.

Foto: Anders Braanaas

– Eg skjønte med ein gong at det var ein sjeldan fugl, for eg kjenner igjen dei fleste vanlege vadefuglane, seier Anders Braanaas.

Han er ivrig hobbyornitolog og oppdaga den nordamerikanske arten, eremittsnipe, på Værlandet i Sogn og Fjordane.

Frå Sør-Amerika til Noreg

– Fuglen hekkar i Canada og Alaska før den trekkjer sørover og overvintrar. Truleg har den blitt fanga opp i ein storm i Mexicogolfen og blitt ført her til, seier Braanaas.

Martin Eggen er naturvernrådgivar i Norsk Ornitologisk Forening, og understrekar at observasjonen er eksepsjonell.

– Det at fuglen har kome seg over Atlanterhavet er ei stor bragd i seg sjølv, det er noko av det som gjer den så sjeldan, seier han.

Laster kart, vennligst vent...

BOMTUR: Eremittsnipa har truleg blitt fanga av storm i Mexicogolfen, og ført heilt til Noreg.

Farlege forhold

– Ein ung og uerfaren fugl vil truleg ikkje overleve vinteren her. Dei et insekt og småkryp i våtmarka, og når vinteren kjem blir tilgangen til næringa dårlegare, seier Braanaas.

Han fortel at det er vanleg at fuglar kjem på avvege, men at ein ikkje veit kor mange som kjem til rette igjen. Det er ikkje første gong det har blitt observert sjeldan fugleart i dette området: i sommar fekk Bulandet besøk frå Nord-Afrika.

Med sine om lag 20 centimeter i lengde, er eremittsnipa ein liten vadefugl. Den har eit vengespenn på om rundt 50 centimeter og er ifølgje Braanaas ikkje redd for å fly.

– Dette er ein fugletype som kan fly hundre til to hundre mil utan å måtte stoppe, så med god medvind kan dei kome langt på nokre dagar, seier Braanaas.

Tvillingartar

– For dei fleste ser den nok veldig lik ut på norsk skogsnipe, fortel Eggen, og seier at det er mange europeiske artar som har såkalla tvillingartar i Amerika.

Noko av det som skil eremittsnipa frå norsk skogsnipe er området over stjerten. Det er nemleg kvitt på ei skogsnipe, men svart hos eremittsnipa.

Stor bragd

– Den opptrer aleine, og trekkjer alltid enkeltvis. Difor er den ganske vanskeleg å oppdage sjølv i sitt naturlege miljø, seier Braanaas.

– Her har Anders Braanaas vore flink i feltet. Dette er stort, seier Eggen.