Hopp til innhold

Sjekkar ut nye tips i forsvinningssaka

Politiet sjekkar i dag ut nye tips i saka der Per-Arne Hestenes har vore sakna i over ei veke etter ei trafikkulukke på Breim.

Per Arne Hestenes
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / Privat / NRK

– Det kom eit nytt tips i går kveld, og vi er i ferd med å sjekke det ut no, seier lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

Ingen har sett Per-Arne Hestenes sidan natt til laurdag 8. november, då han var involvert i ei utforkøyring ved Øvreset-svingen på Breim.

Omfattande leiteaksjonar som varte i fleire dagar vart avslutta søndag, og frå no av er det politietterforsking som står på planen.

Fleire og nye avhøyr i dag

Det nye tipset peikar seg per no ikkje ut som ekstra viktig.

– Det er slike tips som også har kome tidlegare, frå personar som meiner å ha sett noko som kan vere viktig, seier Roset.

Lensmannen seier slike tips er vanlege og viktige i denne typen saker

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

LENSMANN: Nils Ove Roset

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er veldig viktig at slike ting blir opplyst til oss, og vi er veldig glade for at alle som har opplysningar kjem med dei, slik at vi får dei etter i saumane.

Politiet har tidlegare gjennomført mange avhøyr, og vil halde fram med det.

– Vi er nøydde til å snakke med fleire vitne i saka, og skal gjere nokre nye avhøyr i dag, også av nye personar, seier Roset.

Ingen mistanke om noko kriminelt

Politiet snakka med Hestenes på telefon etter ulukka, og då sa han at han var uskadd. Men etter det sluttar alle spor. Avhøyra av vitne reflekterer kor lite politiet veit i saka.

– Det er det vanlege: Veit folk noko om den sakna personen? Veit du noko om rørsler i forkant som vi kan vere interesserte i? Alle ting er av interesse for oss, for vi står heilt utan spor i denne saka, seier Roset.

Lensmannen gjentek bodskapen politiet har kome med heile vegen.

– Vi har ingen mistanke om at det har skjedd noko kriminelt. Dette er ei forsvinningssak.