Hopp til innhold

Sjekkar om same gjerningsmann står bak begge kyrkjebrann-forsøka

Politiet sjekkar om same gjerningsmann eller gjerningsmenn kan stå bak begge dei to siste forsøka på å brenne ned kyrkjer på Vestlandet.

Påtente kyrkjedører i Bergen og Vågsøy

PÅTENT: Dei siste vekene har nokon prøvd å tenne på to kyrkjedører på Vestlandet. I begge tilfella klarte ein å avverje storbrann. T.v. bakdøra på Domkirken i Bergen, t.h. Sør-Vågsøy kyrkje.

Foto: Arkiv / NRK

3. juli blei Sør-Vågsøy kyrkje i Nordfjord forsøkt påtent, og natt til sist onsdag klarte brannvesenet å avverje ein storbrann i Domkirken i Bergen. Der var det ein inngang bak kyrkja som blei forsøkt påtent.

– Det materialet som vi har samla inn no, vil bli samanlikna med det dei finn i Bergen. Så får vi sjå om det er ein link mellom desse to sakene, seier fungerande lensmann i Vågsøy, Tor Sæter.

Det er Fjordenes Tidende som først melde dette i si papirutgåve fredag.

Brukt tennvæske

Etter at nokon prøvde å tenne på hovuddøra på Sør-Vågsøy kyrkje, fann politiet ei flaske med tennvæske som dei reknar med blei brukt av gjerningsmannen.

– Vi var jo spesielt interessert i om nokon mangla ei blank Blåtind-tennvæske-flaske. Dette er ei litt eldre flaske, for dei som blir selde no er brune, seier Sæter.

Ber folk sjekke

Han oppmodar framleis folk om å sjekke i uthus, kjellarar og garasjar for å sjå om dei manglar ei slik flaske. Politiet trur at den eller dei som tende på kyrkjedøra har stole tennvæska ein eller annan stad.

– Vi har vore i kontakt med dei folka som har vore observert, og vi har avhøyrd ei rekkje vitne. Alle vi har snakka med har hatt status som vitne, og vi har ingen mistenkte, slår Sæter fast.

Døra på kyrkja har fått skader av brannen

STENGD: Kyrkja i Sør-Vågsøy måtte sperrast av etter brannstiftinga.

Foto: Bjarne Eldevik

Ønskjer fleire tips

Dei får no hjelp av KRIPOS til å analysere materiale dei har funne, mellom anna for å kunne sikre seg eventuelle fingeravtrykk.

– Vi held alle moglegheiter opne. Det er rimeleg spesielt dette, så vi må ha alle teoriar opne. Vi avventar også om det kjem inn fleire tips i saka.