Politiet har avhøyrt personar i eitt spesielt miljø i Sogndal, men politiadvokat Knut Broberg seier at dette ikkje er det einaste miljøet dei ser nærare på.
NRK Sogn og Fjordane kjenner til at personar som vart tekne inn til avhøyr alt torsdag kveld og natt til fredag framleis er svært interessante for politiet.
Fleire vitne har observert politibilar utanfor eit husvære i Sogndal gjennom helga, og spesielt natta etter at Hedda Karterudseter vart funnen kvelt på hybelen sin ved Sogndal folkehøgskule.
Disputt utanfor Meieriet
Studenthuset Meieriet
Vitne har sett ein disputt mellom ei kvinne som passar med beskrivelsen av Hedda Karterudseter og ein mann politiet skal kjenna identiteten til utanfor utestaden Meieriet natt til torsdag.
Dette kan vera den siste observasjonen av ho - og i følgje vitna forlet Hedda Karterudseter og denne mannen området utanfor Meieriet og gjekk i retning Rimi-butikken som ligg like ved.
DNA-prøvar
Så langt har ingen offisiell status som noko anna enn vitne. Men politiet har rutinemessig teke DNA-prøvar av mange vitne, og det kan føra til at det blir teke ut ein siktelse med det første.
Sterkt prega av hendinga
Elevane ved Sogndal folkehøgskule er naturleg nok sterkt prega av hendinga, og rektor Frode Hjort-Larsen fortel at det alt er sett i gang tiltak for å hjelpe dei kring 80 elevane ved skulen.