Hopp til innhold

Sjekkar alle mastene for å vere budde mot nye ekstremvêr

Stadig meir ekstremvêr gjer at energiselskapa er ekstra nøye med å sjekke at linjenettet er i orden. I tida framover blir mellom anna alle høgspentmastene i Jølster fotografert for å avdekke eventuelle feil og manglar.

Linjeinspeksjon i Jølster

ALT SKAL SJEKKAST: I Jølster skal kvar einaste mast fotograferast og sjekkast for feil.

Foto: Sunnfjord energi

Kvart år har Sunnfjord energi og andre energiselskap plikt til å sjekke linjenettet, men utviklinga med stadig fleire stormar og «unormale» vêrtilhøve gjer at selskapa er enda meir merksame enn tidlegare.

– Det er klart at det får ei ekstra merksemd frå oss at ein har meir ekstremvêr. Vi såg jo gjennom ekstremvêret "Nina" at ein får fokus på kor mykje ein er utsett dersom linjenettet dett ned, seier nettsjef i Sunnfjord energi, Arild Fleten, til NRK.

Viktige synfaringar

"Nina" råka særleg linjenettet i Hordaland og Rogaland. Men Fleten meiner at slike hendingar gjer selskapa meir merksame på at preventivt vedlikehald er ekstremt viktig for å vere budd når slike vêrsituasjonar oppstår.

– Straumforsyninga skal fungere og at tryggleiken til vårt personell og folk som ferdast rundt linjene er viktig. Det er veldig viktig at vi gjennomfører slike synfaringar, slår Fleten fast.

Arild Fleten

MERKSAM: Nettsjef i Sunnfjord energi, Arild Fleten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ber folk om å melde frå

Sunnfjord energi tek denne gongen særleg føre seg høgspentnettet i Jølster kommune. Der blir kvar einaste stolpe fotografert og sjekka grundig frå helikopter. I alt har energiselskapet 2600 kilometer med høgspent- og lågspentlinjer.

– Det er mange stader vi har linjer som ligg på uframkomelege stader, og med helikopter får vi eit anna syn på det. Det er veldig fint for oss å få tilbakemeldingar frå folk som ferdast rundt omkring, dersom dei ser noko spesielt med linjenettet. Det set vi alltid pris på.

Svært omfattande arbeid

I tillegg til den grundige sjekken som no blir gjort i Jølster, blir det også gjort ein meir overordna kontroll av resten av linjenettet i nedslagsfeltet til Sunnfjord energi.

– I tillegg så har vi område som tek att kvart femte år med både helikopter og manuell inspeksjon. Det er ganske omfattande arbeid for å sjekke at linjenettet er slik det skal vere, fortel nettsjefen.