Hopp til innhold

Sjekk resultatet frå din kommune

FØRDE (NRK): Senterpartiet går fram i kommune etter kommune. Sjekk resultatet frå din kommune nedover i saka.

Steinar Ness

KAN SENTERPARTIET FÅ TO PÅ TINGET? Steinar Ness er Sp sin andrekandidat til stortingsvalet.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Val

Partioppslutning i Sogn og Fjordane

Med endring i prosentpoeng fra stortingsvalget 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

RRødt

1,3
+0,6

SVSosialistisk Venstreparti

4,5
+1,1

APArbeiderpartiet

24,6
−3,5

SPSenterpartiet

29,7
+9,1

MDGMiljøpartiet De Grønne

2,3
+0,6

KRFKristelig Folkeparti

4,3
−3,8

VVenstre

4,1
−2,3

HHøyre

18,6
−0,4

FRPFremskrittspartiet

9,9
−0,9

ANDREAndre

0,8
−0,1

Dette er resultata frå kommunane

NRK oppdaterer saka med resultat frå dei 26 kommunane i fylket, fordelt på Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Kommunane som blir presenterte i lista under er kommunar der 99 prosent av stemmene er talde opp.

Sunnfjord:

  • Førde: Arbeidarpartiet taper terreng, men er framleis største parti i Førde med 27,3 prosent av stemmene. Senterpartiet aukar sin oppslutnad med 9,1 prosentpoeng og endar på 23,4 prosent. Med ein ørliten vekst endar Høgre med 21,1 prosent av stemmene. Sjå detaljar frå Førde her.
  • Askvoll: Frida Melvær (H) frå Askvoll må sjå seg slått av Senterpartiet i Askvoll ved årets Stortingsval. Melvær og Høgre gjekk fram med 8,3 prosentpoeng til 27,5 prosent, medan Sp noterer seg for 32,1 prosent. Det er ein framgang på 11,5 prosentpoeng. Arbeidarpartiet fekk 17,8 prosent. Sjå detaljar her.
  • Fjaler: I Fjaler er det Senterpartiet som har gjort eit brakval. Dei går fram 16 prosentpoeng til 42,5 prosent. Alle dei andre store partia går tilbake, mest er Ap som får 20 prosent. Ein tilbakegang på 7 prosentpoeng. Sjå detaljar her.
  • Flora: Høgre sende fleire av sine toppolitikarar til Florø for å vinne kystkommunen, men det var Arbeidarpartiet som trekte det lengste strået med 30,7 prosent. Høgre fekk 26,3 prosent oppslutnad, medan Senterpartiet gjekk fram 8,4 prosentpoeng til 14,3 prosent. Frp gjekk tilbake 3,3 prosentpoeng til 11,9 prosent. Sjå alle resultat frå kystbyen her.
  • Naustdal: Arbeidarpartiet var det største partiet i Naustdal under valet i 2013, men no fekk dei ein tilbakegang på 3,9 prosentpoeng til 22,3 prosent. Sp gjekk fram 10 prosentpoeng til 33,1. Sjå alle resultata frå Naustdal her.
  • Jølster: Med 43,2 prosent går dei fram heile 10,6 prosentpoeng. Nest størst er Høgre med 17,1 prosent, ein framgang på 3,1 prosentpoeng. For Ap gjekk det dårleg i Jølster med ein tilbakegang på 7,1 prosentpoeng til 16,2. Sjå detaljar her.
  • Bremanger: Regjeringspartia Høgre og Frp og samarbeidspartia Venstre og KrF går tilbake like mykje som Senterpartiet går fram i Bremanger (13,7 prosentpoeng). Navarsete gjer også her eit godt val med 28,5 prosent oppslutnad. Arbeidarpartiet får 25,2 prosent, medan Høgre er tredje størst med 19,3 prosent. Sjå detaljar her.
  • Gaular: Arbeidarpartiet går mest tilbake i Gaular med 6,0 prosentpoeng til 16,6 prosent oppslutnad. Senterpartiet er går derimot fram 9,2 prosentpoeng og er desidert størst med 38,5 prosent av røystene. Høgre går fram 2,8 prosentpoeng til 21,1 prosent. Sjå detaljar frå Gaular her.

Sogn:

  • Hyllestad: Senterpartiet (39,4 prosent) og Arbeidarpartiet (24,8 prosent) får størst oppslutnad i Hyllestad. Mest framgang har Senterpartiet med 15,5 prosentpoeng. Størst tilbakegang har derimot Arbeidarpartiet med 8,2 prosentpoeng. Høgre får 17,3 prosent av røystene. Sjå detaljar her.
  • Gulen: Senterpartiet fekk 31,9 prosent av røystene i Gulen. Det er ein framgang på 9,2 prosentpoeng frå stortingsvalet i 2013. Høgre, Arbeidarpartiet og FrP fekk høvevis 25,7 prosent, 18,8 prosent og 11,3 prosent. Sjå detaljar her.
  • Høyanger: I Høyanger er 99,8 prosent av stemmene talt opp. Der er Ap størst med 38,6 prosent, ein tilbakegang på 5,4 prosentpoeng frå valet i 2013. Sp går fram 8,8 prosentpoeng til 24,0, medan Høgre får 15,7 prosent, fram 0,2 prosentpoeng. Sjå detaljar her.
  • Solund: Innbyggjarane i Solund vil ha Frida Melvær og Høgre på Stortinget dei neste fire åra. Partiet sanka 32,3 prosent av røystene. Størst framgang hadde Senterpartiet med 7,5 prosentpoeng til 27,6 prosent. Arbeidarpartiet vart det tredje største partiet med 20,2 prosent. Sjå detaljar her.
  • Leikanger: Senterpartiet er den store vinnaren i Leikanger etter å ha gått fram 11,2 prosentpoeng til 37 prosent. Ap på si side har gått tilbake med 6,3 prosentpoeng til 28,4 prosent. Høgre vart tredje størst med 10,9 prosent, ein tilbakegang på 2,7 prosentpoeng. Sjå detaljar her.
  • Vik: Senterpartiet har gjort eit brakval med 49,3 prosent av røystene i Vik. Det er ein framgang på 12,2 prosentpoeng frå stortingsvalet i 2013. Arbeidarpartiet fekk 22 prosent, ein tilbakegang på 4,9 prosentpoeng. Høgre fekk 11,8 prosent. Sjå detaljar her.
  • Luster: Senterpartiet er den store vinnaren i Luster med 39,9 prosent av stemmene. Partiet går fram 11,5 prosentpoeng. Arbeidarpartiet er nest største parti med 28 prosent, medan 10,9 prosent har stemt på Høgre. Sjå alle resultata frå Luster her.
  • Balestrand: Senterpartiet har sikra seg 35 prosent av stemmene i Balestrand etter at dei har vakse med 12,8 prosentpoeng. Arbeidarpartiet får 18,9 prosent av stemmene, medan Høgre er tredje største med 15,7 prosent. Sjå detaljar her.
  • Lærdal: Senterpartiet går fram 7,1 prosentpoeng og blir det største partiet i Lærdal med 37,4 prosent av røystene. Arbeidarpartiet går tilbake 4,1 prosentpoeng til 27,2 prosent. Høgre og Framstegspartiet enda på 13,2 og 10,3 prosent. Sjå detaljar her.
  • Aurland: Som i så mange andre kommunar, Senterpartiet er den store vinnaren i Aurland også. 30,3 prosent er ein framgang på 12,3 prosentpoeng. Alle andre parti går tilbake, bortsett frå Raudt. Dei fekk åtte stemmer i år, like mange som i 2013. Sjå detaljar frå kommunen her.
  • Sogndal: Med ein tilbakegang på 6,7 prosentpoeng til 23,3 prosent vart det eit skuffande val for Ap i Sogndal. Senterpartiet storma fram her også til 32,5 prosent, ein framgang på 10,9 prosentpoeng. Sjå alle resultata frå Sogndal her. NB: 95,2 prosent av stemmene er talt opp, men resten vert talt opp tysdag.
  • Årdal: Arbeidarpartiet gjekk tilbake 2,8 prosentpoeng i Årdal, men har framleis nær 60 prosent av stemmene i kommunen. Mest fram er Sp som går fram 7,3 prosentpoeng til 16,5. Sjå alle resultata Årdal her. NB: I Årdal er det 95,2 prosent av stemmene som er talt, resten vert talt i morgon.

Nordfjord:

  • Hornindal: Senterpartiet er det desidert største partiet i Hornindal med 47 prosent. Det er ein framgang på 12,8 prosentpoeng frå stortingsvalet i 2017. Høgre gjekk tilbake 5,5 prosentpoeng og enda med 17,4 prosent. Det er 0,6 prosentpoeng meir enn Arbeidarpartiet. Sjå detaljar her.
  • Eid: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) har gått tilbake 8,2 prosentpoeng i heimkommunen Eid til 15,4 prosent. Sp er størst med 31,9 prosent, ein framgang på 0,4 prosentpoeng. Både Ap og Høgre går godt fram i kommunen. Sjå detaljar her.
  • Vågsøy: Senterpartiet i Vågsøy har fått over dobbelt så mange stemmer som ved valet i 2013, og aukar til 16 prosent. Størst der er Høgre med 28,2 prosent, ein tilbakegang på 1,6 prosentpoeng. Frp er nest størst med sine 21,2 prosent, med like stor framgang som Høgre hadde tilbakegang. Sjå detaljar frå Vågsøy her.
  • Gloppen: KrF har hatt eit elendig resultat i Gloppen. Dei enda på 9,6 prosent, ein tilbakegang på heile 10,2 prosentpoeng. Klart størst i kommunen er Sp som får heile 49 prosent, ein framgang på 4,9 poengpoeng. Sjå detaljar her.
  • Selje: Med 28,9 prosent er Framstegspartiet størst i Selje. Det er ein framgang på 4,1 prosentpoeng. Men størst framgang hadde Senterpartiet som gjekk opp 8 prosentpoeng til 21,1 prosent. Sjå detaljar her.
  • Stryn: Arbeidarpartiet har tapt ein tredjedel av veljarane i Stryn og går tilbake til 16 prosent. Det er ein nedgang på 8,2 prosentpoeng. Den store vinnaren her er Sp som går fram heile 13 prosentpoeng til 33,8. Høgre er nest størst med 25,7 prosent, ein tilbakegang på 3,4 prosentpoeng. Sjå detaljar her.

Mandatfordeling i Sogn og Fjordane

Antall mandater med endring fra stortingsvalget i 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

Rødt

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Sosialistisk Venstreparti

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Arbeiderpartiet

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Senterpartiet

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Miljøpartiet De Grønne

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Kristelig Folkeparti

1 mandater
1 opp fra 2013

Venstre

0 mandater
1 ned fra 2013

Høyre

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Fremskrittspartiet

0 mandater
Ingen endring siden 2013

NRK oppdaterer saka