NRK Meny
Normal

Sjekk oversikta der Anders er verdas beste!

Her er dei tørre fakta ingen av dei andre hopparane i verdseliten kan måle seg med: Av 18 hopp har Anders Fannemel vore blant dei ti beste 16 gongar i år.

Anders Fannemel

OFTE I TOPPEN: Anders Fannemel er den skihopparen i verda som har vore oftast inne blant dei ti beste i trening, kvalik og konkurranse i år.

Foto: Jens Meyer / Ap

– Sesongstarten gått betre enn forventa. Eg hadde jo håpa å vere med og kjempe om topp ti i alle renna. Det har eg fått til – og kanskje betre enn det, seier Anders Fannemel.

Etter tre renn i verdscupen er 23-åringen på fjerdeplass i samandraget i verdscupen. Høgdepunktet var fjerdeplassen i Klingenthal, medan det vart to sjetteplassar i Kuusamo.

Og sjekk dette: Av totalt 18 offisielle hopp på trening, kvalik og konkurranse har Fannemel 16 hopp blant dei ti beste. Det kan ingen av dei andre i verdseliten måle seg med:

(Artikkelen held fram under biletet)

Laster Twitter-innhold

Fannemel har overraska seg sjølv

Sjølv meiner Fannemel at han har gjort fire-fem «dårlege» hopp. Likevel har altså nesten alt han har gjort enda blant dei ti beste i verda.

– Det er litt overraskande. Det fortel kanskje at eg har blitt meir stabil, og at dei dårlegaste hoppa mine har blitt betre enn før. Det er kjekt å oppleve at sjølv om eg gjer dårlege hopp, så er eg likevel i topp ti, seier han.

– Du er overraska?

– Ja. Ofte føler ein at ein er nær eit godt skihopp, men så blir ein likevel ikkje meir enn nummer 40–50 på lista. No er eg derimot i toppen nesten uansett kva eg gjer. No må eg nyte den gode forma og prøve å bevare den så lenge eg kan, seier honndølen.

Hoppar bakkane hundre gongar i eige hovud

Fannemel er strålande nøgd med sesongstarten, og er oppteken av å ta med seg prestasjonane vidare utover vinteren. Han meiner gode førebuingar har vore er ein nøkkel til suksess.

– Eg har brukt mykje tid på å visualisere bakkane før eg kjem dit. Før eg hoppar har eg gjerne hoppa hundre hopp i hovudet mitt. Det har funka, seier han.

No ventar verdscuprenna på Lillehammer. Det er der Fannemel bur og trenar til dagleg. Bakken er dermed å rekne for heimebane.

Få eller ingen i verdscupsirkuset kjenner Lysgårdsbakkane så godt som Fannemel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Fannemel og Tom Hilde hoppar på balanseputer

GODT FØREBUDD: Anders Fannemel (t.h.) sine prestasjonar så langt viser at førebuingane hans fram mot sesongstart har vore gode. her på trening i Håkonshall saman med Tom Hilde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Drøymer om å ta sin første verdscupsiger

Der har han også sin beste verdscupplassering: For to år sidan enda han på andreplass – 0,1 poeng bak Gregor Schlierenzauer.

– Eg er framleis litt bitter over å vere så nær ein siger og likevel ikkje ha det. Det hadde vore ekstremt artig om eg fått det til allereie til helga, seier Fannemel.

Han legg til:

– Eg har gledd meg til dette sidan i fjor. Og spesielt no når eg føler meg i så bra form, så gler eg meg endå meir.

Vegopning på Bergum i Førde kommune