Hopp til innhold

Sjekk om eigedomsskatten aukar der du bur

Halvparten av kommunane i fylket vurderer no å innføre, auke eller utvide eigedomsskatten. På ei oversikt laga av NRK.no kan du sjå kva endringar som er aktuelle for din kommune.

Eigedomsskatt i Sogn og Fjordane

Desember er budsjettid for kommunar over heile landet. I år skal i tillegg økonomien spikrast for dei neste fire åra.

Fleire kommunar i fylket slit med å få tala til å gå opp. Eigedomsskatten er eitt av verkemidla mange no ser på.

Går mot endringar i halvparten av kommunane

Men først. Bur du i Naustdal, Bremanger, Gloppen, Stryn Vågsøy, Aurland, Luster, Leikanger eller Solund kan du puste letta ut. Ingen av desse kommunane vurderer endringar i eigedomsskatten. Bur du i Vik, Årdal, Høyanger eller Hyllestad veit du at kommunen din allereie har nådd den maksimale satsen på sju promille.

Men innbyggjarane i dei resterande kommunane går spanande tider i møte.

Kartet over viser at tretten kommunar, halvparten av dei 26 kommunane i fylket vårt, vurderer endringar. Og det er ikkje snakk om å setje ned satsen.

Både Askvoll, Selje og Hornindal, dei tre einaste kommunane i fylket som i dag ikkje har eigedomsskatt, vurderer å innføre den. Medan i heile ti kommunar skal ein auke eller utviding av eigedomsskatten til politisk behandling i desember.

Stram kommuneøkonomi får skulda

I Askvoll ser ein motvillig høgreordførar at det går mot eigedomsskatt, også i hennar kommune.

Frida Melvær

MOTVILLIG MEN LOJAL: Frida Melvær (H), ordførar i Askvoll, er lojal mot fleirtalsvedtaket om å innføre eigedomsskatt i kommunen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Vi gjekk til val på at vi ikkje ønskte å innføre eigedomsskatt og vi stemte i mot det i kommunestyret. Men som ordførar må eg alltid vere lojal med dei fleirtalsvedtaka som blir fatta, seier Frida Melvær.

Fire kommunar har allereie nådd den maksimale satsen på sju promille, medan tretten kommunar no altså vurderer oppjustering. Melvær meiner det er eit uttrykk for tronge økonomiske tider i fjordfylket.

– Eg trur nok vi opplever ein stram kommuneøkonomi, i tillegg til at det er store krav frå innbyggjarane til kva tenester vi skal levere, seier ho.