NRK Meny
Normal

Ho blir politikontakt for tre kommunar

15. juni vart det etablert politikontakt for alle kommunar i Vest politidistrikt. Ei av desse er Jorunn Furuheim i Sogndal.

Jorunn Furuheim, politikontakt i Sogndal

POLITIKONTAKT: Jorunn Furuheim er mellombels politikontakt for kommunane Sogndal, Leikanger og Luster. – Eg håpar at eg gjennom min funksjon kan vere ein god samarbeidspartnar for politi og kommune for å få til gode ting, seier ho.

Foto: Vest politidistrikt

– Eg skal vere eit bindeledd mellom kommunane og politiet for å få i gang gode avtalar, godt kriminalitetsførebyggande arbeid, seier Jorunn Furuheim, som framover blir politikontakt for Sogndal, Leikanger og Luster kommunar.

«Alle skal få»

Politiet har siste tida vore gjennom ei kraftig omorganisering, der ei rekkje lensmannskontor blir lagde ned. Nytt er også oppretting av funksjonen «politikontakt» i alle kommunar. Uansett om der er lensmannskontor, eller ikkje.

Kontakten er politiet sin faste kontakt med kommunane.

Kaare Songstad

POLITIMEISTER: Kaare Songstad seier at ein politikontakt er ein nyoppretta funksjon som alle kommunar skal ha. Ein politikontakt kan derimot ha fleire kommunar.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Arbeidet med førebygging er det same som før, men i samband med nærpolitireforma er dette arbeidet meir formalisert gjennom funksjonen politikontakt, mellom anna med meir standardiserte arbeidsoppgåver og krav, seier politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt i ei pressemelding.

– Avgjerande rolle

Politi og kommune skal samarbeide tettare og meir systematisk gjennom kontakten. Politikontakten skal følgje opp politiet si nærpolitirolle og planar om å førebygge kriminalitet.

Den skal også vere ein pådrivar for at politiråd og SLT samarbeider godt. SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus- og kriminalitet.

– Vi skal jobbe endå meir kunnskapsbasert og i større grad evne å vere i forkant av kriminaliteten. Her har politikontakten ein avgjerande rolle saman med tenesteeininga og den geografiske driftseininga, seier Songstad.

Mellombelse kontaktar

Vest politidistrikt styrer mot start av ny organisasjonsstruktur 1. januar 2018. Innkalling til politiråd er ei av dei første oppgåvene til dei nye lensmanns- og politistasjonsdistrikta.

Her skal det lagast nye og gjensidig bindande samarbeidsavtaler som også omtalar politikontakt og SLT-koordinator sine roller.

– Vi skal bruke tid framover no med den einskilde kommune for å lage ein god og gjensidig avtale, seier Arne Vidar Hansen, koordinator for politikontaktar i Vest politidistrikt.

På grunn av omorganiseringa er dei som fyller politikontaktoppgåvene mellombelse. Etter kvart som den nye organisasjonen blir ferdig, blir faste politikontaktar utpeika.

Politikontaktar i driftseining Sogn og Fjordane

Politikontakter Nordfjord lensmannsdistrikt

Tenestestad

Administrasjonsstad

Kommune

Politikontakt

Vågsøy lensmannskontor

Nordfjordeid

Selje

Roger Gundersen

Vågsøy lensmannskontor

Nordfjordeid

Vågsøy

Åse Romuld

Eid lensmannskontor

Nordfjordeid

Eid

Hanne Heggen

Stryn og Hornindal lensmannskontor

Nordfjordeid

Stryn

Lasse Trosdahl

Stryn og Hornindal lensmannskontor

Nordfjordeid

Hornindal

Jan-Tore Sunde

Politikontakter Sunnfjord lensmannsdistrikt

Tenestestad

Administrasjonsstad

Kommune

Politikontakt

Flora politistasjon

Førde

Flora

Wenke Hope

Førde lensmannskontor

Førde

Førde

Odd Helge Vågseth

Førde lensmannskontor

Førde

Naustdal

Odd Helge Vågseth

Førde lensmannskontor

Førde

Gaular

Bjarne Brudevoll

Fjaler lensmannskontor

Førde

Fjaler

Åge Løseth

Fjaler lensmannskontor

Førde

Hyllestad

Rolf Aamot

Fjaler lensmannskontor

Førde

Askvoll

Bjarte Engevik

Høyanger lensmannskontor

Førde

Høyanger

Kåre Jan Hofrenning

Høyanger lensmannskontor

Førde

Balestrand

Geir Harkjerr

Glopen lensmannskontor

Førde

Gloppen

Nils Ove Roset

Glopen lensmannskontor

Førde

Jølster

Knut Skurtveit

Bremanger lensmannskontor

Førde

Bremanger

Espen Gulliksen

Politikontakter Sogn lensmannsdistrikt

Tenestestad

Administrasjonsstad

Kommune

Politikontakt

Merknader

Sogndal lensmannskontor

Sogndal

Sogndal

Politiførstebetjent Jorunn Furuheim

Ansvaret for tre kommunar. Lensmann i Sogndal følgjer opp politiråd/SLT og dialog med ordførarane.

Sogndal lensmannskontor

Sogndal

Leikanger

Politiførstebetjent Jorunn Furuheim

Sogndal lensmannskontor

Sogndal

Luster

Politiførstebetjent Jorunn Furuheim

Lærdal lensmannskontor

Sogndal

Lærdal

Lensmann Knut-Arne Klingenberg

Politikontakt for Aurland/Lærdal/Årdal. Kvar lensmann føl opp sin dialog med ordføraren og politirådet

Aurland lensmannskontor

Sogndal

Aurland

Lensmann Knut-Arne Klingenberg

Årdal lensmannskontor

Sogndal

Årdal

Lensmann Knut-Arne Klingenberg

Vik lensmannskontor

Sogndal

Vik

Lensmann Ove Andersen

Politikontaktar i driftseining Hordaland

Politikontakter Indre Hordaland lensmannsdistrikt

Tenestestad

Administrasjonsstad

Kommune

Politikontakt

Voss, Granvik og Ulvik lensmannskontor

Voss

Voss

Gunn Iren Brenden

Voss, Granvik og Ulvik lensmannskontor

Voss

Granvin

Bjørn Inge Aarsand

Voss, Granvik og Ulvik lensmannskontor

Voss

Ulvik

Bjørn Inge Aarsand

Voss, Granvik og Ulvik lensmannskontor

Voss

Eidfjord

Bjørn Inge Aarsand

Osterøy og Vaksdal lensmannskontor

Voss

Osterøy

Gunn Iren Brenden

Osterøy og Vaksdal lensmannskontor

Voss

Vaksdal

Gunn Iren Brenden

Politikontakter Hardanger lensmannsdistrikt

Tenestestad

Administrasjonsstad

Kommune

Politikontakt

Hardanger lensmannskontor

Odda

Ullensvang

Øystein Torsnes

Hardanger lensmannskontor

Odda

Eidfjord

Terje Kvalvik

Hardanger lensmannskontor

Odda

Odda

Øystein Torsnes

Hardanger lensmannskontor

Odda

Jondal

Øystein Torsnes

Politikontakt Kvinnherad lensmannsdistrikt

Tenestestad

Administrasjonsstad

Kommune

Politikontakt

Kvinnehrad lensmannskontor

Husnes

Kvinnherad

Jan L. Fosse

Politikontakter Kvam lensmannsdistrikt

Tenestestad

Administrasjonsstad

Kommune

Politikontakt

Kvam og Samnanger lensmannskontor

Norheimsund

Kvam

Terje Sperrevik

Kvam og Samnanger lensmannskontor

Norheimsund

Samnanger

Terje Sperrevik

Tysnes og Fusa lensmannskontor

Norheimsund

Fusa

Lorentz Lunde

Tysnes og Fusa lensmannskontor

Norheimsund

Tysnes

Lorentz Lunde

Politikontakter Os lensmannsdistrikt

Tenestestad

Administrasjonsstad

Kommune

Politikontakt

Os lensmannskontor

Os

Os

Oddbjørn Dyrdal

Austevoll lensmannskontor

Os

Austevoll

Per Nordstrand

Politikontakter Nordhordland lensmannsdistrikt

Tenestestad

Administrasjonsstad

Kommune

Politikontakt

Nordhordland lensmannskontor

Knarvik

Radøy

Svein Arne Hatlevik

Nordhordland lensmannskontor

Knarvik

Meland

Svein Arne Hatlevik

Nordhordland lensmannskontor

Knarvik

Lindås

Svein Arne Hatlevik

Nordhordland lensmannskontor

Knarvik

Austrheim

Svein Arne Hatlevik

Nordhordland lensmannskontor

Knarvik

Fedje

Svein Arne Hatlevik

Nordhordland lensmannskontor

Knarvik

Modalen

Svein Arne Hatlevik

Masfjorden lensmannskontor

Knarvik

Gulen

Ivar Holmås

Masfjorden lensmannskontor

Knarvik

Masfjorden

Ivar Holmås

Masfjorden lensmannskontor

Knarvik

Solund

Ivar Holmås

Driftseining Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden

Politi/lensmannsdistrikt

Tenestestad

Administrasjonsstad

Kommune

Politikontakt

Bergen sentrum politistasjonsdistrikt

Bergen sentrum

Bergen sentrum

Bergen

Monica Mørk

Bergen Nord politistasjonsdistrikt

Bergen Nord

Bergen Nord

Bergen

Endre Laukeland

Bergen Sør politistasjonsdistrikt

Bergen Sør

Bergen Sør

Bergen

Bente Liland

Bergen Sør politistasjonsdistrikt

Bergen lufthamn Flesland

Bergen Sør

Bergen

-

Bergen Vest politistasjonsdistrikt

Bergen Vest

Bergen Vest

Bergen

Tone Hauge

Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt

Askøy lensmannsdistrikt

Askøy

Askøy

Kjell Bjørn Heggøy og Janne Espeseth

Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt

Sotra og Øygarden lensmannskontor

Askøy

Fjell

Ole Petter Lie Selheim

Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt

Sotra og Øygarden lensmannskontor

Askøy

Sund

Tine Heldal

Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt

Sotra og Øygarden lensmannskontor

Askøy

Øygarden

Tine Heldal

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.