Hopp til innhold

Sjekk kven Helene og Kristian fekk med på «selfie»

Ingeniørstudentane Helene Navdal og Kristian Steen var ikkje seine å be då statsminister Erna Solberg (H) kom på besøk tysdag.

Helene Navdal, Erna Solberg og Kristian Steen

SELFIE: Bilete som ein tek av seg sjølv er blitt ein trend. Helene Navdal og Kristian Steen fekk «selfie» saman med sjølvaste statsministeren.

Foto: Helene Navdal

Statsminister Erna Solberg er på besøk i Sogn og Fjordane, og ved høgskuleavdelinga i Førde fekk to ingeniørstudentar ein «selfie» litt utanom det vanlege.

– Ho tok det veldig fint og var med på det med ein gong, gliser Helene Navdal, som går siste året på ingeniørstudiet.

Statsminister Erna Solberg stilte gladeleg opp, midt mellom Navdal og medstudent Kristian Steen. Dermed var «selfien» i boks.

– Det var kjekt, gliser Navdal som kort tid etter publiserte biletet på Instagram.

Besøk

Solberg er i dag på besøk i Sogn og Fjordane, og kom til Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Førde etter å ha vitja Westcon Yard i Florø. Utanfor høgskulebygget i Førde venta også naturvernforbundet og ville snakke om Nordic Mining sine gruveplanar i Engebøfjellet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Statsminister Erna Solberg vitja tysdag 8. april Sogn og Fjordane.

SJÅ VIDEO: Statsministeren vitja Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Førde. (Foto: Karl Kristian Langeland/NRK)

Statsråden tok så turen til Sogndal og nytt besøk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Solberg stod så for den offisielle opninga av Fjordenergi Sogndal, eit anlegg som produserer varme og kjøling av sjøvatn frå 50-60 meters djup i Sognefjorden.

Sogn og Fjordane-besøket vart avslutta med partimøte i regi av Høgre i Sogn og Fjordane.