Hopp til innhold

Sjekk kva Vidar fann i omnen!

Vidar Bjotveit skulle berre ønskje sonen ein fin dag. I staden enda han med å redde ei stakkars linerle som hadde forvilla seg ned pipa og enda i omnen.

Fann linerle i omnen

PIP: Linerla var tydeleg klar for å komme ut.

Foto: Vidar Bjotveit

– Då eg kom inn på rommet, høyrde eg litt rare lydar frå eine kroken. Der står det ein omn. Og gjennom glasdøra såg vi at det var ei linerle som hadde forvilla seg inn, seier Bjotveit.

Men soknepresten i Vereide og Gimmestad sokn var slett ikkje rådlaus.

– Eg tenkte stakkar, her må du få litt meir luft under vengjene, seier Bjotveit.

Kom seg fort ut

Han gjorde kort prosess og slo opp vindauga på rommet, og opna døra på omnen, og vips var fuglen flogen.

– Det gjekk relativt udramatisk føre seg. Linerla tok kortaste vegen, seier Bjotveit.

Bjotveit og familien bur i eit mellombels hus medan prestegarden på Vereide vert pussa opp. Der trivst dei godt, og presten kan godt forstå at linerla tykte det var ein fin plass å svinge innom.

– Ho må ha komme ned pipa, men ho har ikkje komme seg heilt ned. Dette var nemleg i andre etasje. Men ho har krope ut og enda ut i omnen som er i andre etasje, seier Bjotveit.

Godt han ikkje skulle fyre

Han karakteriserer linerla som i god form, og trur difor ikkje ho har sete fast lenge.

– Nei, ho verka frisk og vital. Og eg vil tru Gudmund, som bur på rommet der omnen er, hadde høyrt det viss ho hadde kava lenge, seier Bjotveit.

Han er glad i fuglar, og kan til alt overmål det latinske namnet på linerle.

– Det er motacilla alba. Alba er også namnet på kleda eg brukar som prest, så det er litt symbolikk der, seier Bjotveit.

Det er første gong han har funne ei linerle i omnen.

– Men då eg var gutunge opplevde vi ein gong at det kom ei kattugle ned i pipa. Men det er første gong eg har hatt nærbesøk i omn. Det var godt eg ikkje skulle leggje i, humrar presten.