Hopp til innhold

Sjekk kva ryddegjengen fann i fjæra

Ein pose full i sigarettar, ei flytande vêrbøye, 25 liter spillolje og 20 sekkar søppel. Det vart fangsten under strandryddedagen på Åra i Gulen.

Fann søppel utanfor Gulen

LITT UVANLEG: Korleis posen med sigarettar har hamna i sjøen kan ein berre spekulere i. – Ein i gjengen testa ut nokre av dei tørre sigarettane, og det gjekk heilt fint å røyke dei, fortel Frode Trefall.

Foto: Frode Trefall

– Vi fann mykje plast som har drive i land, men det mest positive er nok at vi var innom ei vik vi rydda 30 «Hald Kysten Rein»-sekkar i fjor. I år rydda vi berre tre sekkar der, så det er tydeleg at det hjelper å rydde, fortel Frode Trefall frå Indre Arna.

I dag deltok 45.000 personar på den store strandryddedagen over heile landet. Sju av dei i eit lite følgje på øya Åra utanfor Byrknesøy i Gulen.

Trefall & co. var også i fjor med på Hold Norge Rent sitt høgdepunkt under strandryddeveka.

Blant fangsten var ein pose med 1.400 sigarettar.

– Det var engelske sigarettar i ein pose. Det har gått hol på posen så med unntak av to 200-pakningar var sigarettane øydelagd. Men posen har tydelegvis flyte godt, seier Trefall og fortel at dei også meiner å ha kome over ei flytande vêrbøye.

– Det ser i alle fall slik ut. Den har mellom anna kontakt for antenne. Så den vil vi overlevere til havforskinga, seier han.

Ryddeaksjonen i år vart noko kortare enn i fjor. Etter seks timar blåste vinden så pass at ryddegruppa trekte i hus.

Fann søppel utanfor Gulen

POSITIVT: Ryddegjengen vart positivt overraska då dei returnerte til ei vik dei rydda i fjor. – Det var kome litt nytt, men vi vart både veldig glade og positivt overraska over kor lite som låg der, seier Frode Trefall.

Foto: Privat