NRK Meny
Normal

Sjekk kor mange stengde vegar!

Ei lang rekkje vegar er stengde grunna nedfall og rasfare. – Det er utfordrande på vegane i Sogn og Fjordane, opplyser Statens vegvesen.

Stengde vegar

STENGDE: Det er ikkje berre berre å ta seg fram i Sogn og Fjordane.

Foto: Skjermdump

Naustdalsstranda mellom Førde og Florø er stengt grunna steinnedfall, mange tre har velta over vegane og store utfordringar på fjellovergangane er status på vegane no i kveld.

Svenn Egil Finden

KRISESTAB: Laurdag morgon vil Statens vegvesen setje krisestab, opplyser avdelingsdirektør Svenn Egil Finden.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Ekstremvêret «Tor» slår godt inn over fylket no, og Statens vegvesen sin krisestab har fått inn ei lang rekke rapportar om tre over vegane, springflo og bylgjer som skyl opp, innstilte ferjar, straumbrot og steinnedfall. I tillegg har brøytemannskapa på fjellovergangane hatt sin fulle hyre i den sterke vinden, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Stengde vegar

Vaktoperatør Arne Stadheim hos Vegtrafikksentralen i Lærdal seier Filefjell er einaste fjellovergang som er open.

– Og der er det kolonnekøyring, med opp mot tre timar ventetid, seier Stadheim.

Av hovudfartsårene er riksveg 5 mellom Florø og Førde stengd på grunn av rasfare. Også E39 mellom Lavik og Førde er stengd. Her har det kome ned stein ved Avenbukta. Det er ikkje passering.

Samlar krisestab

Fleire av bruene i fylket har tidvis vore stengde i den sterke vinden. På Rugsundbrua i Bremanger var det til dømes målt vindkast på over 50 meter i sekundet. På Måløybrua vart det målt opp mot 50 meter i sekundet.

Vegvesenet samlar krisestaben laurdag morgon for å få oversikt over eventuelle skadar på vegane i løpet av kvelden og natta. Dei vil då også vurdere om stengde vegar kan opnast.

På E39 ved Dregebø, der eit stort steinras sperrar vegen, har geolog vore inne området i ettermiddag. Når det lysnar blir eit ryddelag flogen inn i toppen av raset, for å rydde seg veg nedover. Først då kan vegen ryddast og vonleg opnast.

Vegopning på Bergum i Førde kommune