Hopp til innhold

Sjekk hagen før «Helene» kjem på besøk

Folk må ut av sommarmodus og sjekke eigedomen før hauststormen gjer sitt inntog. – Sikre lause gjenstandar så ikkje vinden tek dei, oppmodar NVE.

Slik råkar uvêret "Helene"

KRAFTIG VIND: Meteorologisk institutt åtvarar mot vindkast på 25-35 m/s langs kysten og i fjellet onsdag kveld og natt til torsdag.

Foto: Meteorologisk institutt

Onsdag kjem restane av den tropiske stormen «Helene» med kraftig vind og høge temperaturar fleire stader på Austlandet, Vestlandet og Sørlandet. Det er Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som vil få den sterkaste vinden, og Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for området.

Regiondirektør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Brigt Samdal, oppmodar folk om å ta ein ordentleg sjekk på eigedomen før hauststormen set inn for alvor.

– Folk bør sjå til dei praktiske tinga, som at trampolinen ikkje tek av garde og at det ikkje står lette hagemøblar ute som flyr når vinden aukar på.

Samdal trur vi framleis er litt i sommarmodus, trass sterk vind og jamn tilførsel av regn.

– Folk lurar framleis på om vi ikkje skal få fleire godversdagar med over 20 gradar, men hausten har kome og dei første blada har sett i gang å falle. Pass på at lauv og rusk er fjerna frå slukane, så vatnet får renne der det skal i dagane framover. Vêret aukar på frå onsdag, så då blir det ganske så vått, seier Samdal.

Pass på bølgjene

I tillegg til å sjekke eigedomen bør folke følge med på vêrmeldingane for å førebu seg på uvêret, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

– Viss ein kan halde seg vekke frå sjøen i dei timane det står på som verst, så er det eit godt råd. Så må vi følge med på kva meteorologane seier om vindstyrka og kor mykje bølgjer det vil bli, seier Stensvand.

Ein ordentleg hauststorm

Det står att å sjå i kva grad «Helene» vil påverke oss. Tysdag vil meteorologane kunne presisera betre kvar vinden treff, kor kraftig den blir og kva tid den kjem.

NVE håpar stormen vil sleppe frå seg mykje nedbør i havet før den kjem hit.

– Vi følger situasjonen tett. Det kan bli nokre varslar uti veka, men det er ingen dramatikk i det no. Om det kjem meir nedbør med stormen inn til land vil nok prognosane bli litt tøffare enn vi ser no, seier Brigt Samdal.