NRK Meny
Normal

Så lang veg har du til næraste sjukehus

Sjukehusaksjonistane opererer med reisetider til næraste sjukehus som ikkje har rot i verkelegheita.

Sjukehusa i Sogn og Fjordane

REISEVEG: Sjukehusaksjonistane opererer ofte med lengre reisetid til sjukehus enn realiteten.

Artikkelen er flere år gammel.

NRK.no har sjekka reisetidene til dei ulike sjukehusa i vårt område. Den lengste reisevegen har Hardbakke i Solund, som må køyre tre timar og 20 minutt til sentralsjukehuset i Førde. Øvre Årdal kan få to timar og 18 minutt til næraste sjukehus dersom lokalsjukehuset i Lærdal mistar føde- og akuttfunksjonar.

Trur på fleire dødsfall

Både styret i Helse Vest og i Helse Førde har vedteke å leggje ned føde- og akuttilboda på lokalsjukehuset i Lærdal og på Nordfjordeid.

– Du kan ikkje be nokon om å køyre tre og ein halv time i ein fødesituasjon. Det går rett og slett ikkje an, sa overjordmor Marianne Øren til VG i februar.

Sjukehusaksjonistane påstår at fleire pasientar vil døy på vegane viss lokalsjukehusa mister føde- og akuttenester. Men: Dokumentasjon frå fagfolk viser at pasientane er trygge - sjølv om avstandane blir lange.

– Tre timar til sjukehus

I starten av mars vart det arrangert støttekonsert for Lærdal sjukehus i Årdal. Initiativtakar Odd Tore Moen hevda den gongen at dei vil få tre timar reiseveg til sjukehus dersom akutt- og fødetilbodet på lokalsjukehuset i Lærdal forsvinn.

– Vi risikerer å få tre timar reiseveg dersom vi treng akutthjelp, sa Moen til NRK.no.

Men eit kjapt søk i Statens vegvesen sin reisekalkulator, viser at reisetida frå Øvre Årdal er på to timar og 44 minutt til Førde og på to timar og 18 minutt til Voss. Og kalkulatoren tek utgangspunkt i at ein køyrer etter fartsgrensene. Men i ambulanse på tørre vegar er tida langt mindre.

Under den store sjukehusdemonstrasjonen i Oslo 6. desember i fjor kunne ein sjå bannera med svartmåla slagord som «Liv kan gå tapt» og «Må folk døy på veg til sjukehuset? Me har ingen å miste».

Men fakta fortel om ei anna verkelegheit.

Avviser påstandane

Bente Øien Hauge

Bente Øien Hauge i Folkerørsla for lokalsjukehusa

Foto: Jens Hauge

Bente Øien Hauge i Folkerørsla for lokalsjukehusa seier dette ikkje berre handlar om reisetid og avstand.

– Det er dårlege vegar her i fylket og det går mange ras. Det har vi sett gong på gong. Det er viktig med eit sjukehus i nærleiken med dei utrygge vegane vi har. Mange er redde for å køyre sjølv om dei ikkje er i ein fødesituasjon. Vegen er rett og slett farleg, seier Øien Hauge.

Ifølgje Øien Hauge vil jordmor som er på vakt i til dømes Øvre Årdal vere borte i åtte timar dersom ho må følgje ei fødande i ambulanse til Førde. Ho meiner dette er dyrt, i tillegg til at det går ut over beredskapen.

– Men opererer sjukehusaksjonistane konsekvent med lengre reisetid enn realiteten for å styre saka?

– Nei, det er berre tull. Kven har interesse av det, seier ho.

Sjølv opererte Øien Hauge med tre timar og 18 minutt frå Øvre Årdal til Førde då helseministeren var på besøk i fjor. Men ifølgje Statens vegvesen er det to timar og 44 minutt.

– Det er ikkje så interessant om ein har sagt ti eller fem minutt meir enn realiteten. Det er ingen av oss som vil lure nokon. Dette handlar om at vi har ein utrygg og dårleg veg, seier ho.

– Trygt å føde i ambulanse

Professor i fødselshjelp, Pål Øian, meiner sjukehusaksjonistane tek feil når dei hevdar at lengre reiseveg fører til fleire og farlegare fødslar på vegane.

Eitt av argumenta sjukehusaksjonistane nyttar for å oppretthalde fødeavdelingane, er at lengre reiseveg for dei fødande vil føre til at fleire barn ser dagens lys i eit baksete på farlege vestlandsvegar.

– Det tykkjer eg er eit dårleg argument. Ein transportfødsel er ikkje farlegare enn fødslar som føregår på fødeinstutisjon. Det viser norske studier. Det er sjølvsagt ingen behageleg situasjon, men spesielt farleg er det ikkje, seier Øian.

NRK.no har sjekka reisevegen til næraste sjukehus dersom akutt- og fødetilbode blir langt ned i Lærdal og på Eid:

Reiseveg til sjukehus

Reiseveg til sjukehus

 

Øvre Årdal - Førde

2t 44min

Øvre Årdal - Voss

2t 18min

Lærdalsøyri - Førde

2t 16min

Lærdalsøyri - Voss

1t 37 min

Gudvangen - Voss

0t 46min

Gaupne - Førde

2t 6min

Sogndal - Førde

1t 37min

Hermansverk - Førde

1t 58min (via Sogndal, 1t 54min (Gaularfjellet)

Balestrand - Førde

1t 44min (via Vadheim)

Balestrand - Lærdal

1t 34min

Vik - Voss

1t 6min

Vik - Lærdal

1t 48min (via Hella)

Vik - Førde

2t 30min (via Vadheim)

Høyanger - Førde

1t 00min

Bjordal - Førde

1t 56min

Eivindvik - Førde

2t 16min (via Rysjedalsvika, 2t 26min (via Oppedal)

Hyllestad - Førde

1t 23 min

Hardbakke - Førde

3t 20min

Korssund - Førde

1t 22min

Dale - Førde

0t 43min

Viksdalen - Førde

0t 41min

Askvoll - Førde

1t 3min

Værlandet - Førde

2t 44min

Svelgen - Nordfjordeid

1t 4min

Svelgen - Førde

1t 17min

Hauge - Førde

2t 20min

Hauge - Nordfjordeid

1t 27min

Måløy - Nordfjordeid

0t 51min

Måløy - Førde

2t 36min

Måløy - Volda

1t 41min

Selje - Førde

2t 44min

Selje - Volda

1t 49min

Nordfjordeid - Førde

1t 44min

Nordfjordeid - Volda

0t 51min

Grodås - Førde

2t 19min (via Stryn), 2t 17min (via Eid)

Stryn - Førde

1t 59min

Stryn - Volda

1t 23min

Sandane - Nordfjordeid

0t 30min

Sandane - Førde

1t 18min

Hyen - Nordfjordeid

1t 02min

Hyen - Førde

1t 00min

Reisetida inkluderer overfartstid med ferjer, og er basert på roleg køyring, og ikkje utrykkingskøyring. Reisetida tek utgangspunkt i at ein treff ferjene, men i akuttilfeller ventar fergene på ambulansane.

bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.
Store skadar etter flaum i Utvik og på Breim
Denne helga blir Countryfestivalen på Breim arrangert for 23. år på rad. Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum. Det gjeld å kjenna kleskodane og å ha det rette utstyret.