NRK Meny
Normal

Sjekk dette vêrkartet - her kjem årets første hauststorm

Meteorologisk Institutt har sendt ut OBS-varsel på grunn av sterk vind på kysten og vanskelege køyreforhold på fjellovergangane.

Slik slår uvêret til

HER BØTTAR DET NED: Slik kjem vêrkartet til å sjå ut klokka 13 onsdag.

Foto: Skjermdump yr.no

– Vi har sendt ut OBS-varsel på storm på kysten og i fjellet, samt vanskelege køyretilhøve på fjellovergangane på grunn av snø og vind, seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Kristin Sæter.

Onsdag er det venta sørvestleg liten storm i høgfjellet og liten og til dels full storm på kysten mellom Bergen og Trondheim.

På fjellovergangane er det venta lokalt vanskelege køyreforhold.
Det er varsla storm og vanskelege køyreforhold også i fjellet i Sør-Norge.

Sæter er klar på at hauststormen kjem til å merkast, dersom du er på dei rette stadane.

– Det blir ganske heftig. Det er allereie sørleg sterk kuling på kysten, og vi ventar at det skal auke til liten til full storm, seier Sæter.

Her kan du sjå vinden akkurat no (kartet er henta frå earth):

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Vindkart» i nytt vindu

Lågtrykka ligg i kø

På føremiddagen dreiar det sørvest, og då vil det kortvarig kunne bli sterk storm rundt Stad.

– Men allereie i ettermiddag kjem det til å minke. Då får vi sørvestleg stiv kuling, men rundt Stad kjem det til å vere liten storm utover dagen, seier Sæter.

Så får vi ein liten pause der vi kan trekkje pusten, før det tek laust att.

– Vi får eit nytt lågtrykk inn. I morgon får vi stiv og til dels sterk kuling på kysten. Det minkar torsdag ettermiddag til sørvestleg stiv kuling utsette stadar, seier Sæter.

Det blir skyer, regn og snø over 1.000-1.200 meter over havet. Lokalt er det venta mykje nedbør, opp mot 55 millimeter på 24 timar.

Torsdag kveld er det venta å minke ytterlegare, og vinden går over på nordvest.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.