Sjekk dette jonsokbålet med 1200 pallar

I Leikanger har dei laga eit kunstverk av eit jonsokbål. No kryssar byggherrane fingrane for at dei kan sette fyr på byggverket.

Bål

KUNST AV PALLAR: Ein lokal gjeng i Leikanger har laga dette jonsokbålet med 1200 pallar.

Foto: Håvard Nesbø

– Vi har dei siste åra hatt ein tradisjon for å bygge eit stort bål på området her ved hotellet, seier direktør ved Sognefjord hotell, Jack Eggum.

1200 pallar har gått med til det unike byggverket i Leikanger. Bygginga har tatt over tre veker og byggherrane er nokre lokale ungdomar.

– Arkitektane er ungdomar frå bygda som styrer dette sjølv. Dei har stått på og bygd bålet med pallar som vi har fått lokalt.

Byggverket er heile 13 meter, men er ikkje det største bålet som har vore på området.

– Det var større for nokre år sidan, og det kjem heller ikkje til å bli høgare av ulike årsaker. Vi har eit flott bål kvar år med forskjellige utformingar. Alt etter kven som ordnar til bålet.

Vinden kan sette ein stoppar

Bålet skal settast fyr på laurdag kveld, men hotelldirektøren er noko skeptisk til om det let seg gjennomføre.

– Meininga er at vi skal tenne på bålet i 19-tida om vêret tillèt det. Det er mykje vind no, så eg er litt skeptisk.

Bål

13 METER: Årets jonsokbål i Leikanger er på heile 13 meter.

Foto: Håvard Nesbø

Store delar av dagen har gått med til å vatne i området kring bålet.

– Vi har lagt ut brannslangar og har vatna ein ganske stor del av området rundt. Det er jo ganske tørt etter lite regn, så det er ei utfordring. Eg håper verkeleg at vinden roar seg.

Feirar jonsok på ein laurdag

Jonsokbål høyrer med til jonsokfeiringa 23. juni, men feiringa på Nokkaneset i Leikanger går føre seg laurdag kveld. Det har sin grunn, seier Eggum.

– Vi har flytta det til laurdag for at folk skal ha fri. Det gjer det enklare for folk flest, og då må vi sjølvsagt ha bål.

Blir det ikkje litt vemodig når pallane blir sett fyr på?

– Nei, det er det ikkje. Det blir berre koseleg. Jonsokfeiringa her i Leikanger samlar mykje folk og er ganske kjekt, så det tenker vi ikkje på, flirer Eggum.

Bål

KRYSSAR FINGRANE: Hotelldirektør Jack Eggum er imponert over årets jonsokbål, og kryssar fingrane for at bålet kan bli sett fyr på.

Foto: Håvard Nesbø

.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.