Hopp til innhold

Flott nordlys dansa over nattehimmelen

Natt til 2. påskedag fekk dei som var vakne i Gloppen eit fantastisk skue på nattehimmelen.

Nordlys på Sandane

FLOTTE FARGAR: Det er fascinerande å sjå nordlyset danse på himmelen. Her har fotograf Truls Kleiven fanga det på Sandane i Gloppen.

Foto: Truls Kleiven

Ein av dei som var ute, var Truls Kleiven frå Florø som er på påskeferie på Sandane.

– Eg følgjer med på ein nordlys-app, så eg visste det var venta stor aktivitet på himmelen i natt, fortel han.

Den ivrige fotografen var ute frå midnatt og fram til klokka tre. Og på dei tre timane fekk tok han mange bilete.

– Nordlyset var på det sterkaste i tretida. Til saman tok eg 354 bilete, ler han.

Kjem frå eksplosjonar i sola

Runar Sandnes

AMATØRASTRONOM: Runar Sandnes i Gloppen er levande oppteken av det som rører seg på himmelen.

Foto: Runar Sandnes

Amatørastronom Runar Sandnes i Gloppen seier at dei automatiske kamera han har på huset sitt fanga opp at det var nordlys i natt.

Han forklarar kvifor nordlyset, som vanlegvis held seg mykje lenger nord, av og til kan observerast på himmelen i Sogn og Fjordane.

– Vi er no på toppen av ein syklus på 11 år som sola har. Normalt ligg nordlysovalen rundt Tromsø der dei har nordlys nesten kvar natt. Men av og til skjer er det store eksplosjonar frå sola. Dei tenner ei skur med partiklar. Når desse treff jorda, kan vi under gitte forhold få nordlyset i sør. Det har med magnetfeltet til jorda å gjere, seier han.

Mange har aldri sett nordlyset

Sandnes visste det var eksplosjonar i verdsrommet for nokre dagar sidan og har venta på nordlyset. Han seier dette fenomenet eigentleg ikkje har med årstid eller kulde å gjere.

– Men vi veit det er større aktivitet rundt vårjamdøgn. For å sjå nordlyset må det vere mørkt nok og helst stjerneklart. På denne tida av året er det gjerne mørkt nok frå midnatt til tretida.

– Kvifor blir vi så fascinert av nordlyset?

– Det er naturens eige fyrverkeri og utruleg flott med det dansande lyset i mange fargar. Men det er overraskande mange som aldri har sett det. Det kan ha med at mange bur i tettbygde strok med stor lysforureining, seier Sandnes.

Nordlys i Gloppen

STJERNEKLART: Det er ikkje vanleg å sjå nordlys i Sør-Norge, men ved spesielle forhold dukkar fenomenet opp også her.

Foto: Truls Kleiven