NRK Meny
Normal

Sjekk desse bileta! Dei er tekne med fem dagars mellomrom

Laila Joranger frå Marifjøra trudde knapt sine eigne auge då ho kom opp att på stølen Røyteholet fem dagar seinare.

Røyteholet

EKSPRESSFART: Desse to bileta er tekne med fem dagars mellomrom.

Foto: Laila Joranger

– Det var heilt utruleg. Det var nesten så eg ikkje trudde det var sant, seier Joranger.

Røyteholet er stølen til familien og ligg eit stykke frå Joranger, vel 15–20 minutts gonge frå der bilvegen endar.

Joranger var på stølen søndag 29. mai, og tok då bilete av eit relativt snøkledd landskap.

– Snøsmeltinga var jo i gang, men det var ganske mykje snø, seier Joranger.

Fekk heilt sjokk

Vêret har vore upåklageleg i heile fylket siste veka, og mange stadar har gradestokken synt langt opp på 20-talet og vel så det. Likevel vart Joranger nesten mållaus då ho vitja stølen fredag 3. juni.

– Me fekk heilt sjokk. Det var nesten ikkje att snø i det heile, berre nokre flekker her og der. Vatnet var fritt for is og stiane utan snø, seier Joranger.

Ho la biletet ut på facebookgruppa Sogn og Fjordane i bilde, og der let ikkje reaksjonane vente på seg.

– Folk trudde nesten ikkje det dei såg. Det var fleire som lurte på om biletet var frå i fjor, seier Joranger og ler.

Så fort forsvann snøen i Røyteholet

UTRULEG: - Det var mest så vi ikkje kunne tru kor fort det hadde gått, seier Laila Joranger.

Foto: Laila Joranger

Passar på å ta bilete

Ho har for vane å ta bilete når ho er på tur, ikkje minst for å kunne hugse korleis ting var når ein skal snakke om fortid.

– Ein gløymer så lett, men då er det fint med bilete der både tidspunkt og dato er med. Då treng ein ikkje lure. Og så var det litt flaks at eg hadde teke bilete på omtrent nøyaktig same plassen, seier Joranger, som også søndag er på tur på stølen.

– No er det heilt snøfritt og utruleg flott. Det er berre å nyte, seier Joranger.

Og ifølgje statsmeteorolog Frode Hassel ved Vêrvarslinga på Vestlandet er det berre å halde fram med kortbukse.

– Det blir litt kjøligare i løpet av søndag, men det ser ut til at det skal bli opphaldsvêr og fint ut i neste veke også. Det blir nok litt kjøligare, men bortsett frå det vert det fine dagar, seier Hassel.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.