Hopp til innhold

Sjekk denne luftige arbeidsstaden

Anders Flæte tek ope kontorlandskap til det ekstreme når han er på jobb for Mesta fjellsikring. Han må takle alle slags høgder, men påstår at det ikkje plagar han.

Fjellsikring

UTSETT: Fjellsikrar står utsett til oppe i fjellsidene, men fortel at det ikkje er særleg mange ulukker i yrket deira.

Foto: privat

– Eg tenkjer ikkje over høgdene, for det har rett og slett blitt ein vane for meg, seier Anders Flæte.

Lærdølen er den som må klatre opp stupbratte fjellsider for å reinske for stein etter ras. Han startar arbeidsdagen med å snøre på seg sikkerheitsutstyr, og jobbar dagen lang for at det skal bli tryggare for deg å køyre langs vegane våre.

– Om eg heng og dinglar på 30 meter eller 500 meter har ikkje noko å seie, det er det same for meg. Det einaste er kanskje at det er finare utsikt på 500 meter, seier Flæte.

Å sikre fjellsidene for stein som kan rase ned i vegen, er ein krevjande jobb som er heilt avgjerande for tryggleiken til bilkøyrande på smale og utsette vestlandsvegar. Etter store ras kan det gå lang tid før rasområdet er heilt trygt.

Etter det store raset ved Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 inn til Årdal gjekk det lang tid før Vegvesenet fekk rydda raset vekk frå vegbana, men endå fleire veker før fjellsikrarar var trygge på at det ikkje kom til å rase meir ned.

Fjellsikrar

FLOTT: Ved godt ver kan ein fjellsikrar få fin utsikt i arbeidskvardagen, og Anders Flæte seier at han veit å setje pris på det.

Foto: privat

– Det er alltid ein stein som kan rivast ned

Anders Flæte byrja som entreprenør i Lærdal, og tilfeldigheiter gjorde at han fekk prøvd seg som fjellsikrar.

– Det var ein stor overgang, for det var mykje meir fysisk arbeid. Men eg likte det, inst inne er eg ein gutunge, og då er det jo kjekt å rive ned store steinar frå fjellet, ler Flæte.

Og sjølv om jobben hans kan sjå noko svevande ut for dei som er høgderedde, insisterer han på at det ikkje er ein særleg farleg bransje.

– Det er sannsynlegvis farlegare for oss å køyre bil til jobben, enn det er å faktisk vere på jobb. Vi har eit veldig fokus på tryggleik, og vi har eigentleg veldig få ulukker.

Likevel er det ikkje slik at dei jobbar i all slags ver.

– Er det regn og mykje vind, så held vi oss unna. Det fekk vi til dømes oppleve no når vi jobba på raset i Årdal, der var det nokre dagar vi ikkje kunne jobbe.

Fjellsikring i Lærdal

LIKAR Å RIVE NED STEIN: Anders Flæte likar arbeidet sitt, og særleg å rive ned store steinar.

Foto: privat

– Vi må ha dei beste

Det er Vegvesenet som har ansvaret for arbeidet som fjellsikrarane gjer, sjølv om dei er tilsett i ulike entreprenørfirma. Oppdragsgjevaren er ute etter folk som tenkjer tryggleik.

– I denne jobben må vi ha dei beste. Dei må skjøne risiko og ikkje ta sjansar i arbeidet, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Svein Jarle Slinde.

Han har stor respekt for sikringsarbeidet som Flæte og andre gjer.

– Det er ein risiko heile vegen. Arbeidsdagar ute i det fri kan by på alt frå skinande sol til uvêr. Fjellsikrarane må sjå ein risiko som vi ikkje alltid ser.