NRK Meny
Normal

Sjekk denne fjøsen - her er det så fint at bonden nesten ikkje vil sleppe inn kyrne

Når mjølkekyrne til Kjell Arne Flaten traskar inn i den splitter nye fjøsen sin onsdag, får dei mykje pent å kvile auga på.

Mjølkekyr på beite

DEKOR: Kyrne til Kjell Arne Flaten får nok finare veggdekor enn dei fleste andre kyr i landet.

Foto: Laila Garlid

– Skulle eg ha ny fjøs, ville eg ha tre ting. På utsida skulle det vere støypte inn kyr i betongelementa, eg ville ha måleri på veggane og innflyttingsfest. No er alle tre ønska oppfylte, ler bonden, som held til i Sundsdalen i Førde.

Der dei 16 mjølkekyrne skal halde hus, var 55 personar samla til ein skikkeleg innflyttingsfest laurdag.

– I grunnen er fjøsen så flott at det mest er synd å sleppe kyrne inn der, ler Flaten.

Største måleriet er nesten ni kvadrat

Inne i fjøsen, på den eine endeveggen, er det måla to veggmåleri. Det eine syner traktorane på garden i full gang med slåtten og emballering av rundballar, medan mjølkekyr på beite prydar den andre veggen.

Kjell Arne Flaten

MORO: Mjølkebonde Kjell Arne Flaten.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Traktorane er våre eigne, men når det gjeld kyrne så fekk kunstnaren frie hender, seier Flaten.

Og kunstnaren, Laila Garlid frå Stryn, var ikkje sein å be då Flaten trengde hjelp.

– Det er artig, men utfordrande å måle så store måleri. Det største her var vel på åtte-ni kvadrat, seier Garlid.

Tidlegare har ho mellom anna dekorert ein utvendig fjøsvegg i Våtedalen. Men det er første gong ho dekorerer ein fjøs på innsida.

– Eg trur det vart bra, seier Garlid.

Fjøsen til Flaten

STORSTOVE: Slik ser dei to veggmåleria ut, sett frå andre enden av fjøsen.

Foto: Laila Garlid

Bygde for neste generasjon

Men mange timars jobb er ikkje heilt gratis.

– Jau, det har kosta nokre kroner, men det er det verdt. Her er det godt å vere både for folk og kyr, seier Flaten.

Han tok over drifta av familiegarden frå foreldra sine, og har vel 30 år bak seg som mjølkebonde.

Eigentleg hadde han tenkt å gje seg med heile drifta, men då neste generasjon gav signal om at dei ønskte å drive vidare, bestemde han seg for å investere.

Traktorane

MODELL: – Traktorane på biletet er dei same som dei vi har på garden, seier Kjell Arne Flaten.

Foto: Laila Garlid

Landbruksundersøkinga i 2015 syner at berre 13 prosent av jordbruksbedriftene investerte i driftsbygningar i 2014, ein nedgang på to prosentpoeng frå 2011. Men snittet på investert beløp per bedrift som investerte gjekk likevel opp.

Flaten har investert åtte millionar i den nye driftsbygningen sin, og er klar på at han investerer for framtidige generasjonar.

– Det er kjekt at nokon ønskjer å drive vidare, seier Flaten.

Som bonde over så mange tiår har han fått med seg den rivande utviklinga som har vore i bransjen.

– Då vi tok over midt på 1980-talet, vart kyrne handmjølka. Så gjekk vi over til mjølkemaskin, og for nokre år sidan endra vi til båsfjøs. Og no dette. Det har vore ei utruleg utvikling, og skal ein drive, så må ein følgje med, seier Flaten.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.