NRK Meny
Normal

Oselie kom heim til raud løpar og norske flagg

NORDFJORDEID (NRK): Det var vill jubel og mykje champagnebrus då årets vinnar av Melodi Grand Prix junior kom heim.

Oselie

PLAKATAR OG SPRUDLEVATN: Over 60 personar hadde møtt opp for å møte Oselie med plakatar og sprudlevatn.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

– Der kjem ho!

Norske flagg, hurrarop, faklar, champagnebrus og klapping. Stemninga stod i taket då Oselie Henden kom frå Oslo seint sundag kveld. Klemmane sat ekstra laust i det 14-åringen gjekk opp den raude løparen.

– Det er veldig kjekt at folk kjem her for å ta meg imot. Eg visste ikkje om det, seier ei rørt Oselie Henden.

Eitt døgn etter at heile Norge stemte ho fram som vinnaren av MGPjr. har det framleis ikkje gått heilt opp for ho.

– Det er uverkeleg. Eg grein ikkje under finalen, men då eg vakna i dag tidleg kom tårene.

Ho vann med låten hennar «Verda vår» som er inspirert av flyktningkrisa, og fekk overrekt prisen av Vilde og Anna.

Veslesøster

VESLESØSTER: Konstanse Henden er veslesøstera til Oselie og hadde laga ein stor plakat til søstera.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

Blei møtt av stolte nordfjordingar

På den sure og kalde haustkvelden var over 60 personar på plass for å gratulere Oselie.

– Vi har førebudd oss godt med faklar langs vegen og plakatar. Vi har samla så mange vi klarte av næraste familie, vener og dei som ville møte opp, seier Hanne-Kristin Hagen i arrangementskomiteen.

– Vi må jo gjere stas på Oselie. Då skulle det berre mangle at vi ikkje har raud laupar. Vi er så stolte, seier ho.

På måndag kveld kl. 18 blir meir feiring. Då er det nemleg invitert til kake og underhaldning i Operahuset på Nordfjordeid.

Oselie

FULL JUBEL: Oselie visste ikkje noko om velkomsten ho fekk sundag kveld.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.