Hopp til innhold

Sjekk det trampolinehoppet - slik herja helgestormane her i fylket

I Florø var det slett ikkje berre ungane som hoppa på trampoline i helga. Stormen "Lena" tok like godt med ei nabotrampoline også.

Trampoline i storm

SJEKK LANDINGA: Tor Helge Husevåg i Florø opplevde at naboen si trampoline landa oppå deira.

Foto: Tor Helge Husevåg

Den sterke vinden dei siste dagane har herja godt mange stader i Sogn og Fjordane. For nokon blei det litt i meste laget med vind og uvêr, men no lovar meteorologen litt betre dagar framover.

I Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane blei det sett i alt 40 vindrekordar for august.

Det er og meld inn ei rekkje skadar på bygningar, bilar og båtar. Forsikringsselskapet Gjensidige hadde måndag fått inn i om lag 60 skadar på hus og bygg. Også Frende Forsikring har fått merke augustvindane og har kome opp i 50-60 skaader etter "Lena".

Trevelt Kallestad

TREVELT: Dei tyske turistane slapp frå det med skrekken då treet måtte gje tapt for naturkreftene på Kallestad hyttesenter i Balestrand.

Foto: Sølvi Eraker

Trampoline på ville vegar

I Florø fekk Tor Helge Husevåg eit noko spesielt syn søndag morgon. Naboen si trampoline hadde blitt teke av vinden og hadde lagt seg midt oppå deira.

– Månelanding av naboen si trampoline og opp på mi som var festa med tau, fortel Husevåg.

På Kallestad i Balestrand heldt det på å gå gale med ei av dei åtte utleigehyttene Sølvi Eraker og mannen leiger ut. Eit stort tre velta, og rota blei liggjande svært tett inntil hytta som var utleigd til tyske turistar.

Lover betre vêr

Men no kan statsmeteorolog Gunnar Livik forsikre oss alle om at ekstremvêret er forbi for denne gongen.

– Men det vil halde fram med regnbyger, og det er ein liten fare for tore i bygene. Dei kraftigaste bygene vil truleg vere lengst yttarst i fylket, men vi kan ikkje utelukke kraftige byger også i andre deler av fylket, fortel Livik til NRK.

Gunnar Livik, meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet

LOVAR BETRING: Statsmeteorolog Gunnar Livik.

Foto: Meteorologisk institutt

Statsmeteorologen kan endåtil love nokolunde bra vêr når det nærmar seg ei ny helg.

– Det er nok bygevêr som vil prege situasjonen, i alle fall til og med torsdag. Men då får vi kanskje nokre dagar med litt lettare ver. I høve Hordaland og Rogaland så slepp Sogn og Fjordane ganske billeg unna, slår Livik fast.