Hopp til innhold

Sjekk den storfangsten Odd (101) drog i land

Det måtte ein 101-åring til for å ta den største laksen i Vikja sidan 80-talet. Tysdag formiddag tok Odd Borlaug prakteksemplaret på 15,8 kilo.

Odd Borlaug

ÅRETS STØRSTE: 116 centimeter lang og 15,8 kilo tung er måla på årets største laks i Vik.

Foto: Morten Jacobsen

101-åringen fiskar stort sett kvar dag gjennom sommaren. Måndag fekk han sin første for sesongen på 4,2 kilo. Men samanlikna med den han fekk tysdag formiddag, blir det som småfisk å rekna.

Etter ein lang dragkamp kunne han, med litt hjelp, hala i land storlaksen i elveosen i Vik. Vekta viste 15,8 kilo.

– Eg har aldri fått så stor laks. Den største eg har vore borti før i dag, var 8,5 kilo, seier han.

Han har fiska så lenge han kan hugsa, men det var først som 75-åring han byrja å fiska laks. Men denne tysdagen kjem nok til å festa seg godt i minnet hans som ekstra spesiell.

Odd Borlaug

15,8 KILO: – Det var ein kar som fekk ein laks på åtte kilo like etter meg. Det er jo eigentleg ein stor fisk, men attmed min vart den litt liten, seier Borlaug.

Foto: Morten Jacobsen

– Eg trur det tok nesten ein time å få han på land. Eg bala lenge, men så reiste han for langt for meg. Då måtte eg gi stanga mi til ein annan som kunne følgja fisken bortover. Fisken reiste ut med alt snøret eg hadde.

– Hinsides rått

– Dette var eit beist som tømde snella hans fleire gonger. Den her måtte nok kven som helst ha hatt hjelp til etter kvart. Ein blir lang i armane av å stå med ein slik ein lenge, seier Morten Jacobsen, leiar i Vik Jakt- og fiskelag. Han blir entusiastisk då han skal fortelja om storfangsten og fiskaren som tok den.

– Det er heilt fantastisk og rått på ein gong. I fjor hadde han nokre på kroken, men fekk ikkje opp nokon. I år har han to på rappen. Det er heilt hinsides rått. Dette er moro.

– Han er nok den eldste laksefiskaren i verda som har tatt ein så stor laks, det er eg ganske sikker på.

Skal ned att i morgon

Jacobsen fortel at det har vore ein god del laks på 13–14 kilo dei siste åra, men ingen så store som denne.

– Me ser så stor laks kvart år i elva, men det er langt mellom dei. Me fekk ein på 15,3 for 5–6 år sidan, men større fangst enn det må me nok tilbake til tidleg 80-talet for å finna, seier Jacobsen.

No er storfangsten kome i frysen. Sjølv om Borlaug nesten dobla sin personlege rekord tysdag, er han klar til nye forsøk på endå større fisk om ikkje så lenge.

– Det blir vel ned att i morgon, viss vêret blir bra, avsluttar 101-åringen.

Tenk å finne matrester og redskaper etter folk som levde for 7000 år siden. Bli med programleder Charlotte Haarvik Sanden på arkeologiske utgravinger på Sotra utenfor Bergen.

SJÅ VIDEO: I fjor var Norge Rundt med Odd på fisking.