Hopp til innhold

Sjekk den søte vinnarkaka

Sogn og Fjordane fekk i helga to smakfulle medaljar. Trude Beate Brendehaug frå Hellevik i Fjaler tok gullmedalje i Nordic Bakery Cup i Stockholm, og vart med det Nordens beste bakar.

Kaka til Vilde Nistad Strandos
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Laggullet sikra ho seg saman med to andre på det norske bakarlandslaget, der fjalerbuen har vore medlem sidan i fjor. Brendehaug er utdanna både bakar og konditor. Til dagleg jobbar ho som konditor ved ein restaurant i Oslo.

(artikkelen held fram under biletet)

Vilde Nistad Strandos

BRONSEMEDALJE: Vilde Nistad Strandos eitt av bidraga som bidrog til bronsmedaljen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Det kjennest ho heilt fantastisk. Det er gansek surrealistisk eigentleg. Å ta gullet heim har vore målet i mange år, så å få vere med på dette er kjekt, seier Brendehaug til Firda.

Bronsemedalje

Men det var ikkje berre Brendehaug som gjorde det godt i konkurransen. Det norske landslaget tok nemleg bronses i Nordic Pastery Cup, der Vilde Nistad Strandos er ein av to medlemmer. Ho jobbar som konditor hos Naustdal dampbakeri i Førde.

Kaka til Vilde Nistad Strandos
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Det var veldig stort. Dette var meir enn eg hadde håp på. Det er mykje trening som ligg bak dette. Det er intenst dei siste månadene. Vi fekk oppgåva tidleg i vår, fortel Nistad Strandos til NRK Sogn og Fjordane.

Film som tema

Temet i konkurransen var film og det norske laget valde smakar frå filmen Charlie og sjokoladefabrikken.

Det viktaste er at smakane sit, smiler Nistad Strandos.